Dette er ei diktbok dei fleste kan ha glede av. Forfattar Kaldestad og illustratør Kramer har begge ei sterk interesse for fuglar og dyreliv, noko dei serverer borna på gullfat i denne diktsamlinga.

Her er mange dikt som er rike på bilete, rim, rytme og ordleik. Kor mykje kan ein ikkje få ut av ordet røysekatt? Tøysekatt, føysekatt, slangekatt, slyngekatt og kokekatt for å nemne noko. Og dikta er både morosame og alvorlege. Her er dikt om ekte fuglar og dyr, og om nokre me kanskje ikkje har høyrt om før. Alt saman skrive i ein leikande lett tone. Den gode rytmen i tekstane gir dei også ein musikalsk, nesten syngande dimensjon.

Illustrasjonane er fargesterke og detaljrike. Og ikkje minst utfyller dei tekstane på ein god måte. Og ei blanding av ulike utrykk, frå reine teikningar til nærmast fotomontasjar gir boka eit spanande og kreativt uttrykk, der borna stadig vil finne noko nytt. Teikningane er ein viktig del av den totale leseopplevinga.

Borna vil også truleg kjenne att mange av fuglane og dyra i samlinga. Kanskje nokon har sett eit ekte ekorn som hoppar frå grein til grein i tre?

Her er dikt for barn i alle aldrar. Og med denne boka blir det høve til å leike seg med både rim og rytme i høgtlesinga.

Med kråkenebb og kråkeføter

Av Per Olav Kaldestad
Illustrert av Hilde Kramer
Cappelen Damm 2010

Lik Framtida.no på Facebook: