– Alt samvære er språkleg samvære, seier pedagogisk konsulent i Seljord kommune, Tone Bøhn.
Sidan 2005 har Seljord kommune satsa på språkstimulering i barnehagane. Via prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Telemark har dei fått auka kompetansen i personalet, laga plan for språkstimulering og fått samla og bygd opp verktøy, lokalt kulturstoff og metodar for språkstimulering.

– I barnehagen nyttar ein språk heile dagen i alle samanhengar, understrekar Bøhn. Seljord har mellom anna segna om Seljordormen, som vert nytta i barnehagane for det det er verdt.

Språkleg variasjon

Blant innbyggjarane og personalet i Seljord er det mange innflyttarar og ulike språk. – Me har respekt for talemålet, understrekar Bøhn. Samstundes er nynorsk skriftspråket i kommunen, og difor er val av nynorsk litteratur og tekstar på nynorsk viktig. Samstundes er det viktig at ein kan stilla spørsmål ved kva som vert sagt, og kvifor nokre har eit anna uttrykk enn det ein er van med. – Det er også med på utvikla språkforståinga hjå borna.
Via språksatsinga i barnehagen reviderte kommunen i 2005 den lokale rammeplanen; barnehagen skal støtta og styrkja borna sine evner til å kommunisera språkleg. Barnehagen skal også hjelpe barnehageborna til å bli medvitne kulturberarar, fyrst og fremst med kjennskap til sin eigen lokale kultur via lokale segn, soger, forteljingar og vers. Det vart på 80-talet gjort eit stort innsamlingsarbeid av denne typen kulturarv i Seljord, som barnehagane kan nyta godt av i dag.

Må halda trykket oppe

Språkstimuleringssatsinga går ikkje heilt av seg sjølv. – Me må ha eit språktema ein gong i året, fortel Bøhn. Dette gjeld dei vaksne i barnehagen. Vi brukar ein personalutviklingssamanheng, eit kurs, eit fagtreff eller liknande til kompetanseutvikling eller drøfting innafor språklege tema kvart år.
 – Me må vera aktive for å halda oppe trykket og halda språkprosjektet ved like, held ho fram. Resultata er veldig positive både for barnehageborna og dei tilsette. Prosjektet har vore med på å løfta alle i barnehagen og alle dei tilsette, fortel Bøhn.
Både når det gjeld auka medvit til språket og til bruk av vaksenrolla som språkmodell. Personalet i barnehagane og borna har fått auka kjennskap til lokale segner og lokalt kulturstoff. Ikkje minst har auka kunnskap gitt meir tryggleik og tyngde blant dei tilsette. – For borna har me klart å finne hol som me tidlegare ikkje merka så godt, fortel Bøhn. Me klarar via registrering av lesing å fanga opp dei borna som ikkje søkjer bok. Eit av bokprosjekta som barnehagane har jobba med, har vore at fireåringar har lese for dei yngre. Dette er ein stor suksess, i følgje Bøhn. I tillegg er det eit godt utvikla samarbeid mellom biblioteket, helsesystera og barnehagesektoren i kommunen. Bibliotekaren er inne og presenterer bøker for foreldre og barn allereie på helsestasjonen, fortel Bøhn. I tillegg er mållaget, sparebanken og kommunen med og sponsar bokgåver til alle 4-åringane i kommunen. Mållaget gir òg bokgåver med nynorske barnebøker til alle barnehagane

Språkråd til foreldre (kjelde: Seljord kommune)

Snakk med barnet ditt om kva det opplever.
Lytt til barnet ditt.
Syn interesse for det barnet snakkar om, og be om utdjuping viss noko ikkje er presist eller er vanskeleg å forstå.
Snakk om kva ord betyr.
Fortel historier og vitsar.
Lytt til barnet sine vitsar – med eller utan poeng. Gje oppmuntring og ros!!!
Då gir du barnet ditt tillit til seg sjølv og eigen språkkompetanse.

Seljord kommune_heimesideFinn meir info og gode lenker frå Seljord her:

Lik Framtida.no på Facebook: