”Det finst så få bøker på nynorsk for barn og unge”, høyrer eg ofte frå lærarar, foreldre, bokhandlarar og andre som burde vera nærast til å formidla litteratur til den oppveksande slekta. Men det er jo ikkje sant!

Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og variert, men det er framleis mange, også i dei nynorskskrivande områda av landet, som ikkje kjenner godt nok til han. Difor ønskte Stord kommune å løfta fram og feira den nynorske barnelitteraturen og alle dei som skriv han. Resultatet vart Falturiltu – nynorsk barnebokfestival, som går av stabelen for fjerde gong 8.–12. november.

Stord er verdas største nynorskby, og mange flotte forfattarar har trødd barneskoa sine her i regionen. Så mange at ”sunnhordlandsforfattar” er blitt eit omgrep. Men under Falturiltu ønskjer me å feira og visa fram nynorskforfattarar frå heile landet og gje dei eit publikum på Stord, ei veke i året. Tidlegare festivaldiktarar har vore Oskar Stein Bjørlykke, Rune Belsvik og Erna Osland. I år er det Hans Sande som er festivaldiktar – ein fantastisk forfattar, formidlar og kunstnar, som har skrive for barn, unge og vaksne i mange sjangrar i snart 40 år. Kjenner du ikkje Hans Sande? Bli kjend med han på Stord i november!

Programmet under festivalen er rikhaldig, med opplesingar, framføringar, musikkspel, forteljekveldar og mykje meir. Me har program for dei yngste og dei eldste og vaksenkveldar med, men det viktigaste publikumet er barn og unge, som får møta forfattarar og bøker på skulen og i fritida heile veka. Fredag 12. november er det seminar på Høgskulen Stord/Haugesund, med tittelen Poesi og provokasjon. Seminaret har eit spesielt fokus på poesi for førskuleborn, og innleiarar er Hans Sande, Mary Bente Bringslid, Inger Lise Belsvik og Tone Birkeland.

Andre forfattarar du kan møta på Stord i veke 45, er Maria Parr, Marita Liabø, Bjørn Sortland, Marit Kaldhol, Atle Hansen, Roald Kaldestad, Per Olav Kaldestad, Tor Arve Røssland, Torvald Sund, Heikki Grøhn, Ragnar Hovland og Solfrid Sivertsen, og fleire kan koma til i løpet av hausten. Sjå fullt program og oppdateringar påwww.falturiltu.blogspot.com. Vel møtt til Stord i november!

Hege Myklebust er prosjektleiar for Falturiltu

 

Lik Framtida.no på Facebook: