Dette er ei ekte opplevingsbok som ein gjerne berre kan bla i, men som òg blir grunnlaget for mange gode samtalar mellom vaksen og barn. Me fylgjer her årstidene og ord og omgrep som høyrer årstida til. Og barna kan med utgangspunkt i teikningane undre seg over kvifor ein gret når ein er allergisk, og kva som kan skje i eit vindkast.

Bileta og orda kommuniserer godt saman og inviterer til dialog og spanande samtalar om kva orda eigentleg betyr. Me møter ein sommarfugl, søppel, eit basseng og eit fyrverkeri, for å nemne nokre av omgrepa. Boka prøver med dette å gi eit bilete av menneska sitt forhold til årstidene, om vêret, tid, natur og omgjevnadene. Ikkje minst er det lagt vekt på at mykje av det som skjer rundt oss, er i stadig endring og utvikling.

Dei enkle, men fargerike teikningane formidlar mykje undring og gir både vaksne og barn mange høve til å stoppe litt opp. Årstidene er ein oppfølgjar til Bilder av folk som i 2009 blei kåra til Verdas vakraste bok.

Av : Blexbolex (Bernard Granger)

Magikon Forlag 2010

Boka er kåra til ei av verdas 10 best illustrerte barnebøker i verda av The New York Times

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: