Mange blir fortalde at dei liknar på nokon i familien. Kasper er ein av dei, men han likar det ikkje så godt når mora påpeikar at han liknar på onkel Knut. Onkel Knut luktar nemleg vondt og ler altfor høgt. Ikkje likar han tanken på at han arva farfar sine tenner eller far sine øyrer, heller. Mest av alt vil nemleg Kasper likne på seg sjølv. Verken meir eller mindre.

Forfattarane klarer å presentere dette på ein humoristisk måte. Ikkje minst på grunn av dei detaljrike teikningane som viser kva som vil skje dersom Kasper får like store elefantøyrer som far eller like store hestetenner som farfar. Undertonane er likevel klare i boka: det handlar om å vere seg sjølv lik. Ein treng ikkje alltid likne på nokon annan, somme tider er det nok å vere seg sjølv.

Somme stader i boka kan det også nesten verke som foreldra til Kasper konkurrerer i kven han liknar på, og kva for ein av familiane han liknar mest på. Det handlar ikkje lenger om kven Kasper eigentleg er lik på, men om å vinne konkurransen. Kanskje noko å tenkje på for fleire foreldre?

Det er undringa og den humoristiske tonen til Kasper som held historia så levande som ho er. Viss far seier at Kasper liknar på farmor, og mor seier at farmor ser ut som ei ugle, ja då blir vel Kasper òg sjåande ut som ei ugle? Det vil han ikkje.

Nesa til Onkel Knut

Av: Constance Ørbeck-Nilssen og Ragnar Aalbu

Magikon forlag

Lik Framtida.no på Facebook: