– Eit godt språk gjer livet lettare. Språk gir identitet og må derfor lærast tidleg.
Det er barnehagestyrar Solveig Vik i Bringedalsbygda barnehage i Kvinnherad kommune som meiner dette. Ho brenn for to fag; norsk og naturfag, og begge har derfor fått vesentleg plass i det pedagogiske opplegget. Dette barnehageåret er det språket som står i fokus.
– Eit godt halvår er gått, og vi ser at borna har gjort store framsteg, seier barnehagestyraren.
Utgangspunktet for satsinga var at barnehagen hadde litt for mange born med språkvanskar. Det ville Solveig Vik gjera noko med.
– Språk er nøkkelen til det meste som er viktig for borna. Eg tenkjer på leik, kommunikasjon og det å bidra i det daglege. Born med dårleg språk står i fare for å bli isolerte. Slikt vil vi unngå, seier Vik.
Gode bøker
Barnehagen er etter søknad blitt del av eit språkprosjekt i regi av Nynorsksenteret i Volda, «Nynorsk i barnehagen». Det har gitt rikeleg tilfang av gode, nynorske barnebøker som er flittig brukte. Dessutan kurs, rettleiing og gratis medlemskap i barnebokklubben «Blåmann». Ingen pengar følgjer med prosjektet, men ei mengd gode bøker til å bruka i arbeidet.
– Vi har fått svært gode hjelpemiddel, og det er nett kva vi treng, seier Vik.
Kvinnherad kommune har bidrege økonomisk ved å utvide ein 60 % stilling til full stilling, noko som gjer det lettare for barnehagen å gjennomføra prosjektet i praksis.
Bokmål på bussen
Bringedalsbygda barnehage nyttar seg også mykje av bokbussen. Bussen er eit populært tilbod blant både born og vaksne, men Solveig Vik er likevel ikkje heilt fornøgd.
– I barnehagen vil vi helst bruka nynorskbøker, men storparten av bøkene på bokbussen er på bokmål, dessverre, seier ho.
Nynorskbøkene blir i hovudsak lesne med forfattaren sine eigne ord, slik at borna også får eit grunnlag for godt skriftspråk seinare.
– Men ikkje alle nynorskbøkene er like gode språkmessig. Når språket blir for oppstylta, til det eg kallar for Sylfest Strutle-språk, lyt vi gjera språklege tilpassingar. Borna må kunna kjenna seg igjen i språket, som er ein viktig del av identiteten vår, meiner språkentusiasten.
(Artikkelen held fram under biletet!)
Obligatoriske språkstunder
Kvar måndag og tysdag er det faste språkstunder for alle borna. På programmet står høgtlesing eller eventyrforteljing.
– Vil alle borna høyra på?
– Born er ulike, og ikkje alle er like interesserte. Derfor deler vi dei inn i grupper etter interesse og nivå. Dei minst interesserte får kortast lesestund, men ingen slepp klar, seier Vik og peikar på at barnehagane har tradisjon for å vera for «snille» med borna. I tankane har ho valfridomen, og det at borna i litt for stor grad har fått høve til å velja vekk det dei likar minst.
– Dei fleste borna likar å bli lesne for, men dersom dei fekk velja, ville sjølvsagt nokre av dei valt seg ein annan aktivitet. Etter mi meining kan ikkje norsk gjerast om til eit valfag. Derfor må alle vera med, men vi prøver så godt vi kan å gjera individuelle tilpassingar, fortel ho.
Nye univers
Språkstundene dannar ikkje berre eit godt språkgrunnlag. Også andre univers opnar seg for borna.
– Bokverda er stor og spennande. Dersom vaksne ikkje opnar dørene til denne, vil verdifulle opplevingar gå tapt for borna. Bøker gir dessutan ei betre kulturforståing, då tenkjer eg ikkje minst på innvandra born. Barnehagen ønskjer å gi både desse og resten av gjengen eit solid grunnlag å byggja vidare på, seier Vik.
Ho har registrert at eventyra etter Asbjørnsen og Moe er mellom dei som aldri går av moten.
– Borna blir ikkje leie desse forteljingane og vil høyra dei om igjen og om igjen. På grunn av språket gjer vi teksten om til dialekt når vi les, men nåde den som gjer for store endringar. Då protesterer borna, fortel Vik og ler.
Barnehagestyraren viser til endå eit positivt resultat av god språkopplæring i barndomen:
– Undersøkingar stadfestar at born med god språkballast gjer det betre på skulen enn andre born.
Kvar dag
Språk og språkutvikling er viktig heile veka i Bringedalsbygda barnehage. Personalet følgjer nøye med på borna, registrerer kven som held seg i bakgrunnen under leik, og vurderer om dette kan ha noko med dårleg språk å gjera.
– Målet er at alle skal vera aktive og få den taletida som trengst. Derfor driv vi ei viss form for kartlegging, slik at vi er i stand til å gi den hjelpa kvart einskilt barn treng, fortel Vik.
Og det går ikkje berre i høgtlesing.
– Vi syng nynorske songar, lærer rim og regler, fortel eventyr med eigne ord ved hjelp av figurar, og vi har fleire spel som er laga for å stimulera språket. Til dømes Lotto, der borna øver seg i å forklara eit bilde slik at andre lett skal forstå det.
– Vaksenrolla er viktig. Vaksne hjelper til med å finna dei rette orda, lærer borna at alt går etter tur, og syter for at alle er med på leiken.
Norsk i ein fart
Solveig Vik er fornøgd med resultatet så langt.
– Språksatsinga har gitt gevinst til alle, ikkje berre til dei med vanskar. Borna har både utvikla språket og blitt glade i litteratur, fortel Vik.
Spesielt er ho stolt over fire born frå Eritrea som kom til barnehagen med svært lite norskkunnskap i august i fjor.
– Høyr på dei no, seier ho stolt, – det er nesten uråd å høyra at morsmålet deira er eit heilt anna. Ja, til og med o-endingane våre har fått plass i talespråket deira, stråler barnehagestyraren.
Spennvidde
Denne dagen er borna frå tre til seks år i avdelinga «Solsikkene» samla til forteljarstund på golvet i eit lite rom, og blant tilhøyrarane sit tre av dei eritreiske borna. Frå «Snakkepakken», som er ein bokkasse med figurar frå forteljingane, har Solveig Vik funne fram ei løve og ein løvefangar. Borna lever seg heilt inn i den spennande og litt nifse historia, ikkje minst borna frå Eritrea, som kanskje hugsar løvene i Afrika.
– Kva synest du om forteljarstundene? Spørsmålet går til seks år gamle Rim Sami frå Eritrea.
– Veldig spennande og kjekke, seier ho på kav dialekt.
– Er norsk vanskeleg å læra?
– Nei, norsk er lett, forsikrar den unge dama.
– Men heime snakkar eg tigrinja med mamma, altså, legg ho til, – mamma vil ha det slik.
– Har du ei favorittbok?
Rim må tenkja seg litt om, for i barnehagen er ho blitt kjend med mange kjekke bøker. Så set opp eit stort smil.
– Jo, norske eventyr!