Det var ein gong eit par barnehagar som var så opptekne av vêret. Det er ikkje så rart, sidan vêr er eit samtaleemne som opptek oss alle. Særleg sommaren 2011.

Dei to kommunale barnehagane i Ringebu kommune (Oppland) har det siste barnehageåret vore meir enn vanleg opptekne av vêret. Vêr og vêrtilhøve sett frå barn sitt perspektiv har difor vore eit prosjekt fram til juni i år.

Prosjektarbeidet i Fåvang barnehage og Ringebu barnehage har vorte til ei spanande foto- utstilling på Ringebu prestegard / Ringebusamlingane. Utstillinga har namnet Vær sett med barns øyne – en fotoutstilling med fotografier tatt av barn.

Det er ikkje fyrste gongen barnehagane i Ringebu kommune deltek på den såkalla sommarutstillinga ved Ringebusamlingane. I vognskjulet på den tidlegare prestegarden har barnehagane i kommunen fått sitt eige galleri. I år er det femte gongen barnehagebarn kan stille ut arbeida sine saman med Jacob Weidemann og ei rekkje andre kunstnarar frå inn- og utland.

Det er to kommunale barnehagar i Ringebu, i tillegg til den private Venabygd montessoribarnehage og tolv private familiebarnehagar. Det varierer frå år til år kor mange av barnehagane som deltek på sommarutstillinga på Ringebu prestegard.

Prestegarden er no museum og galleri eigd av Stiftinga Ringebu prestegard. Det har i fleire år vore nært samarbeid mellom stiftinga og barnehagane.

Utstillinga i år, med bilete tekne av barn i alderen 3–6 år, er på same tid ei kunstutstilling og ei barnehagefagleg utstilling. Pedagogar og pedagogiske medarbeidarar har gjennom fleire år utvikla god kompetanse i å synleggjere det pedagogiske arbeidet sitt gjennom dei årlege utstillingane.

Her er profesjonell lyssetjing, bileta er godt plasserte, og nokre av dei er i storformat på lerret. Utstillinga utgjer med sine mange bidrag ein estetisk heilskap.

Gjestebok er på plass ved sida av ein informativ plakat som fortel om det pedagogiske arbeidet som ligg bak fotoutstillinga. Kunstkatalogen, som barnehagetilsette utarbeider i samarbeid med ein grafisk formgjevar, er eit kunstverk i seg sjølv, og fungerer i tillegg som faglitteratur for barnehagetilsette.

Sommarutstillingane er godt besøkte, og sjølv var eg på Ringebusamlingene i juli i lag med nokre barn og vaksne som eg skjøna høyrde til i ein av dei lokale barnehagane. Med tydeleg stoltheit var dei to jentene på om lag 5 år omvisarar for dei vaksne. Dei gjorde greitt greie for prosessar og metodar dei hadde vore med på undervegs.

Barnehageutstillingar kan vi som oftast finne i barnehagen sine eigne lokale, eller på det lokale biblioteket. Meir sjeldan finn vi barnehagar som likeverdige utstillarar i eigna lokale, med eit stort publikum, og som ein integrert del av ein kunstnarisk heilskap.

Mange gler seg allereie til neste sommarutstilling. Utsegna i overskrifta er eit sitat frå ein ung utstillar. Eg tykkjer ho har heilt rett, for slik fotokunst er verkeleg noko ein kan bli glad av.

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.

Lik Framtida.no på Facebook: