Henrik And er ei heilt vanleg and som byrjar å lure på korleis det ville ha vore å vere noko anna. Ein katt, ein hund eller ei flaggermus. Men er det så mykje betre å vere noko anna enn seg sjølv?

Henrik And er ei sympatisk bok om det å finne ut kor godt ein eigentleg har det som seg sjølv. Det er fornøyeleg å sjå korleis Henrik ser ut som katt eller hund i ein andekropp, og samstundes lett å sjå kor tilfreds han er når han finn seg sjølv på siste side.

Boka om Henrik And er rykande fersk. Ho vart lansert på Stord, heimplassen til forfattaren, i august. Det må vere lov å håpe at vi får møte Henrik And att i fleire bøker framover.

Av Anna R. Folkestad

Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: