Grødem barnehage på Randaberg er klar for eit prøveprosjekt i IKT i samarbeid med barnehagar i Trondheim og på Island.

 

Barnehagen fekk i mai høve til å delta på ein nordisk eTwinning-konferanse på Gotland i Sverige, der tema var IKT i barnehagen med bruk av naturen rundt deg. Denne samlinga har resultert i at Grødem, Asborg og Hlidarendi (Island) og Klæbu barnehage (Trondheim) har gått saman om eit eittårig prøveprosjekt i IKT.

 

– Alt handlar om å ha tru på ungen, seier pedagogisk leiar på småbarnavdelinga, Karianne Sunde.

Borna skal dokumentera eit bestemt naturområde i nærleiken av barnehagen ved hjelp av bilete. Desse skal jamleg utvekslast og hengast opp i barnehagen for å sjå på ulikskapar og likskapar på tvers av landegrensene.

– Ei problemstilling er til dømes kva slags klima ein har på dei ulike stadane, fortel Sunde.

Prosjektet, som går på tvers av kommune- og landegrenser, varer eit år, og samlingar og deling av erfaring blir gjort via den nettbaserte telefontenesta Skype. Via prosjektet vil borna og leiinga dela erfaringar med bruken av IKT, få erfaringar via eTwinning-portalen, og borna vil få læra meir om heimstaden til dei andre deltakarbarnehagane.

Brukar digitale verktøy

IPAD
Med appen Soundtouch på iPAD kan borna trykke på dyra så får dei dyrenavnet og dyrelyden. (Foto: Grødem barnehage)

Barnehagen er ikkje ukjend med å nytta digitale verktøy. Dei har allereie foto-, video- og datautstyr. Nå har dei også kjøpt ein iPad (eit nettbrett). Med denne kan også dei yngste i småbarnsavdelinga få kjennskap til bruken av digitale middel. Sunde har sjølv eit barn som har leika seg med iPad sidan 14-månadersalderen.

– Fordelen med iPad er at ein ikkje treng handtera ei mus, fortel ho. I staden nyttar ein fingrane og trykkjer på skjermen. Borna får òg rask respons når ein til dømes peikar på ulike dyr og anna i andre program som vi nyttar når vi jobbar med iPaden. Nokre av programma dei nyttar, er SoundTouch, Kidzblox og Kidzofon. Sunde understrekar at det er viktig å nytta norske program, men førebels er det ikkje laga så mange av dei.

Rask utvikling

Barnehagen ville delta på konferansen for å auka fokuset på bruken av IKT i barnehagen.

– Me må hengja med i samfunnsutviklinga, seier Sunde. Ho har erfaring med at bruken av digitale verktøy kan opplevast som skremmande og utfordrande for mange, og at fleire vaksne kvir seg for å læra seg å bruka verktøya. Medan borna byrjar å bruka alt nytt, skal me vaksne «kunne» det fyrst.

– Det er utfordringar med alt, understrekar Sunde. Men ved «learning by doing» er det ikkje så vanskeleg. Meistringsgleda er stor for både vaksne og barn som klarar å handtera både kamera og data, avsluttar ho.

FAKTA:

iPad/Nettbrett. iPad er eit nettbrett frå Apple. Ein brukar fingrane til å navigera seg rundt på brettet. I følgje bloggen til Barbro Hardersen, rådgjevar i medietilsynet, brukar mange barnehagar interaktive skjermar allereie. Ho skriv at fordelen med å la born utforska på interaktive skjermar er det taktile, det vil seia at borna brukar fingrane til å utforska objekt og element i staden for tastatur, mus eller digital penn. Teknologien gir respons med ein gong og derfor nye høve innan leik og læring. Erfaringane så langt er at borna held fokus lenger via eit nettbrett enn ved andre typar samspel.

Kjelde: Barbro Hardersen, blogg.iktsenteret.no 

Skype

Skype er eit dataprogram som blir brukt til IP-telefoni.

eTwinning

Samfunnet for dei europeiske skulane. Dei nordiske landa har årleg eit eige arbeidsseminar som skal fremja nordisk kultur- og språkforståing i arbeid med eit gitt tema. (www.etwinning.net)

Lik Framtida.no på Facebook: