Ei morosam forteljing om å lukkast mot alle odds. Ikkje lukkast på den måten at ein er best og når heilt til toppen, men lukkast på den måten at ein klarer å prestere betre enn både ein sjølv og andre hadde trudd.

 

For sjølv om Hauk IL Raud er overlegne i både fysikk og teknikk på fotballbanen, har Knoterud FK noko anna. Dei har tru på kvarandre, og dei har eit sinne som dei klarer å nytte til noko konstruktivt.

 

Så får det heller vere at dei ikkje vinn kampen. Det er dei vane med. Men dei klarer å gi tøffingane på Hauk IL Raud god og uventa motstand. Og ikkje minst – dei klarer å hindre dei hovmodige motstandarane i å gå vidare i Norway Cup.

For som kjent er eigen suksess vel og bra, medan andre sin fiasko heller ikkje er å forakte.

Forteljinga er den same gode David mot Goliat-forteljinga som vi har høyrt fleire gonger. Endinga er ikkje heilt som i historia frå Bibelen, og verkemiddela som vert brukte, er litt annleis, med humor og merkelege karakterar som Geir Ludvigsen, far til ein av spelarane på Hauk IL Raud og journalist i Byavisa, men det er historia om dei små mot dei store, dei som ingen har tru på, mot dei som alle har tru på.

Eit anna ordtak som passar godt til denne forteljinga, er «Hovmod står for fall».

Jammen får ikkje Lars Mæhle plass til ei lita kjærleiksforteljing også i Leseløve-boka. Teikningane til Steinar Moldestad er morosame og uttrykksfulle, spesielt liker eg framstillinga hans av terrieren Renate. Teikningane står godt til innhaldet i forteljinga.

Av Lars Mæhle, teikningar av Steinar Moldestad

Cappelen Damm, 2011

Lik Framtida.no på Facebook: