Det er første dag på jobben for politihunden Falk, og allereie i bilen får han beskjed om at det har vore hærverk på barneskulen. Når Falk og politidama hans møter opp, er vindauge knust og nettingen på fotballmålet skoren opp. Klarar Falk å finne dei som står bak?

Politihunden Falk til teneste er den første boka i ein heilt ny spenningsserie for born i 8–10-årsalderen. Her blir ein kjend med hunden Falk, som nettopp er ferdig opplært og klar for sitt arbeid i politiet saman med politidama han bur hjå. Falk er ein av dei aller flinkaste politihundane, men i dag møter etterforskarparet ei heilt ny utfordring. Det har vore hærverk på skulen, og politiet treng Falk si hjelp til å snuse opp sporet. No skal han vise kva han er god for!

Forfattaren har sjølv erfaring frå politiet, noko som viser godt igjen i boka. Her får lesaren innblikk i politiet sin kvardag, der meldingar går over politiradioen, og bevismateriale må leggjast i eigne plastposar. Tone Nærvåg har klart å skape ei historie som er spanande, samstundes som ho ikkje er skummel, då humor og forholdet mellom etterforskarparet kjem tydeleg fram innimellom spenningstoppane. Med enkel ordbruk og konkret skrivestil skapar ho ei historie som vil fengje spenningssøkjande born.

Teikningar med enkel strek fyller ei og annan halvside. Slik blir historia meir levande, og det blir enklare å sjå føre seg kva Falk møter på i si jakt på gjerningsmannen. Bakarst i boka får ein til og med oppskrifta på Falk-sveler, som ein kan lage i håp om å ein dag bli like tøff som sjølvaste politihunden Falk!

Av Tone Nørvåg

Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: