Pappen til Tuva er ikkje heilt som andre pappaer. Kvar sommar blir han nemleg sjørøvar, og reiser med den svære tankbilen sin for å røve ein innsjø.

Dette er ikkje ei føreseieleg forteljing på nokon måte. Eg trur ikkje eg vil røpe for mykje av det som skjer, for då øydelegg eg overraskinga. Men det som er, er at pappaen til Tuva ikkje er ein sjørøvar som stel gull og skattar frå skip ute på havet. Han bruker piratverksemda si til det gode. For å få til dette nyttar han tankbilen sin, og denne sommaren er Tuva stor nok til å få vere med.

 

Meir vil eg faktisk ikkje seie, men Tuva får ei reise som ho ikkje kjem til å gløyme.

Eg kjenner at eg liksom sit og gapar litt med munnen endå etter å ha lese denne boka. Ho var så ulik alt anna eg nokon gong har lese. Eg var lenge usikker på om det var ei slags sann forteljing eg las, eller om det berre var oppspinn. Eg er framleis usikker.

Illustrasjonane til Silje Granhaug er detaljrike og morosame. Dei er ifølgje Wikipedia «digitale kollasjar av fotografi og frihandsarbeid som maleri og teikning. Uttrykket er ofte både ekspressivt og følsomt.» Det er eg samd i.

Av Hans Sande, illustrert av Silje Granhaug

Cappelen Damm, 2011

Lik Framtida.no på Facebook: