Teo har loge for dei andre i klassen. Han har sagt han kan symje, men det kan han jo ikkje. Og no har læraren sagt at dei skal ha bading kvar veke. Kva skal han gjere no? Det blir ikkje enkelt for Teo, for kva er eigentleg ei veke? Og korleis skal han kome unna løgna si, som forresten somme i klassen ikkje heilt trur på likevel.

 

 

Ja, korleis skal ein kome seg ut av ei slik knipe? Dette er eit godt spørsmål, og eg må medgje at eg vart svært forviten på korleis forfattaren ville få Teo ut av dette. Uansett kva løysinga måtte vere, ville ho vel medføre eit etisk dilemma eller to? Eller i verste fall vere ei tøvete kvasiløysing?

 

 

Teo får det til, han, så mykje kan vi seie utan å avsløre alt. Denne lesaren er i alle fall fornøgd med slutten.

Teo i trøbbel er den første boka til Solveig Blindheim Bendixen. Forfattaren jobbar sjølv i småskulen, så ho skriv om kjende miljø og problemstillingar. Forlaget tilrår boka for barn mellom 5 og 9 år.

Av Solveig Blindheim Bendixen

Mangschou 2011

Lik Framtida.no på Facebook: