Vaken og vågål i Vågå er namnet på eit samfunnsutviklingsprosjekt med målsetjing om å skape den beste skulen i landet. Utan tvil ei særs ambisiøs målsetjing, som Vågå kommune i Nord-Gudbrandsdal har sett seg føre. Prosjektet er enno nytt, og kviler på tre grunnleggjande verdiar: eit heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring, forpliktande samarbeid heim– skule/barnehage og tidleg innsats.

Fleire delemne har utvikla seg under hovudprosjektet. Prosjektet rettar seg i hovudsak mot skulen, men også barnehagane har ei sentral rolle i det heile, basert på den heilskaplege modellen.

I september 2011 i år vart Arne Brimi sin smaksskule lansert. Brimi voks opp i Vågå og er mellom anna kjend for matfilosofien sin, som han kallar «Naturens kjøken». Sentralt i matfilosofien til Brimi står det å handsame råvarene så nært opp til det naturlege som mogleg.

Med utgangspunkt i eit 2-årig smaksprosjekt ved Tessand oppvekstsenter som tok til i 2009, «200 smakar på 2 år», er alle dei fire kommunale barnehagane i Vågå no deltakarar på Brimi sin smaksskule.

Ein septemberdag var alle 5-åringane i dei fire kommunale barnehagane samla i bygdesenteret Vågåmo, der dei laga trollkrem av sjølvplukka tyting. Arne Brimi stilte sjølv opp for å godkjenne produkta. Framføring av eigen tytingsong stod også på programmet denne haustdagen, før 5-åringane og dei tilsette i barnehagane gav seg i veg til ulike stader i Vågåmo for å servere trollkrem.

Dette prosjektet er dessutan Vågå-barnehagane sitt satsingsområde for 2011/2012. Barna skal få bli kjende med ein smak kvar veke og på det viset lære om grunnsmakar. Før jul 2011 skal barna verte kjende med rotgrønsaker, eple, mjølkeprodukt og internasjonale smakar.

I desember er det til dømes krydder og matvarer knytte til jula som gjeld.

Det pedagogiske opplegget for smaksskulen er utarbeidd i samarbeid med Arne Brimi, og kvar barnehage har sin eigen smaksansvarleg. I tillegg har alle tilsette i Vågå-barnehagane vore på kurs.

Vågå kommune vil gjere smaksprosjektet til eit fast opplegg i dei fire barnehagane, og smaksskulen skal førast vidare i grunnskulen.

Barn lærer og gjer erfaringar gjennom sansing og ved å bruke kroppen. Lukt og smaksopplevingar er ofte dei fyrste medvetne minna vi har. Lukt- og smaksopplevingar kan aktivere desse tidlege minna.

Vågå kommune tek utgangspunkt i lokale skikkar, tradisjonar og kultur i heile prosjektet for skule- og samfunnsutvikling. Samstundes er perspektivet også retta mot det globale samfunnet. Eit døme er deltakinga i eit EU-prosjekt med målsetjing om å utvikle meir praktiske undervisningsmetodar knytte til naturen.

Samfunnsutviklingsprosjektet Vaken og vågal i Vågå er i høgste grad også eit kulturprosjekt, der den lokale kulturen vert eit utgangspunkt for å bygge opp identitet og kompetanse hos unge vagværer.

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.

Lik Framtida.no på Facebook: