Denne boka handlar ikkje om komponisten Vivaldi, om du skulle tru det, men derimot om jentungen Tyra, som er så blyg at ho aldri snakkar på skulen. Ho veit ikkje kva ho skal seie til dei andre, og når ho endeleg kjem på noko, har dei andre mista tålmodet og gått sin veg. Til slutt byrjar dei å vende ryggen til ho. Tyra forstår ikkje kva som er i vegen med ho. Luktar ho annleis, eller kva er det?

 

Livet Tyra lever utanfor skulen, er betre. Der er mor og far og bestemor, som høyrer på Vivaldi. Dessutan kattungen til Tyra, som også får namnet Vivaldi.

Mobbing og utestenging er vondt å forstå. Det er vondt å setje seg inn i korleis det eigentleg kjennest for den som har skoen på, og det er vanskeleg å finne rasjonelle svar på korfor somme kan vere så fæle mot andre. Forfattar Helge Torvund er i tillegg psykolog, og i slutten av boka skal Tyra få lov å gå til psykolog. Men den som håper å finne konkrete svar på konkrete problemstillingar, vil nok ikkje finne dei i denne barneboka. I staden er ho ein glimrande formidlar av stemningar, humør og kjensler. Ein kan så godt kjenne på korleis Tyra har det, heile vegen. Kanstad Johnsens teikningar og fargebruk er på alle måtar med på å understreke toneleiet til Torvund. Vivaldi er ei god bok som er nøydd til å munne ut i gode samtalar.

Helge Torvund (tekst), Maria Kanstad Johnsen (illustrasjon)

Magikon forlag 2011

Lik Framtida.no på Facebook: