I Førresfjorden barnehage snakkar dei mange språk. Fleirspråkleg ordleik og språkstimulering er ein del av kvardagen.

– Å gå i barnehage gjev ikkje nok språkstimulering for fleirspråklege barn. Ein må byrje tidleg med ekstra trening, seier språkpedagog Ingunn Bårdsen i Førresfjorden barnehage. Ho fortel at det kan ta opp mot 5 til 8 år før barna er trygge i norsk språk.

– Det er viktig å ta tak i dette tidleg og tenkje på at ein skal trene språk med alle barna i løpet av dagen. Men hjå oss er dette blitt ein del av kvardagen, me ser ikkje på dei ulike tiltaka som spesielle lenger. Det er berre slik det er.

Stor språkinteresse

Førresfjorden barnehage er mottaksbarnehage for flyktningar. 19 av barna i barnehagen er fleirspråklege, og til saman representerer dei åtte ulike språk. Dermed blir språkstimulering av fleirspråklege barn ein del av kvardagen i Førresfjorden barnehage.

– For oss er ikkje dette ei spesiell utfordring, men derimot kvardagen vår. Me har mange ulike nasjonalitetar, språk og kulturar i barnehagen, noko som er lærerikt for alle barna, seier Bårdsen. Og språkinteressa blant alle barna er stor, legg ho til.

–  Me samanliknar mange ord på dei ulike morsmåla og norsk. Eit nøkkelord kan til dømes vere snø og ski. Det er ikkje sikkert dei har eit ord for det eingong viss dei kjem frå Somalia. Det er spanande for barna å forstå at det finst så mange ulike språk.

–  Og me speler på kulturtradisjonar som er ulike. Det blir laga mykje spanande og god mat på tvers av desse kulturane, til dømes.

Satsar på foreldra

Bårdsen er tilsett i 60 prosent og skal berre arbeide med fleirspråklege barn. Førresfjorden barnehage har også ei rekkje ekstra språktiltak og tiltak som gjer det lettare for foreldre til innvandrarbarn å fylle rolla si i hopehavet med barnehagen.

– Me tilbyr barnepass under foreldremøta. Det er viktig å bruke foreldresamarbeidet, og foreldra er kjempeglade for dette. Dei er opptekne av at borna skal kunne gå på skule, og då må dei bli trygge på det norske språket. Me ser at barna blir tryggare i norsk dersom dei byrjar tidleg i barnehagen, sidan dei fleste snakkar morsmål heime, fortel Bårdsen.

Dei ulike språktiltaka i Førresfjorden barnehage er i stor grad finansierte via statstilskot, kommunale løyvingar og ulike prosjektmidlar.

– Fylkesmannen har dei siste åra lyst ut eigne kompetansehevingsmidlar for barnehagar, som er øyremerkte det fleirkulturelle fagfeltet. Her har me søkt og fått prosjektmidlar, seier styrar Bente Halvorsen.

Ressurskrevjande innsats

Når det kjem eit barn med fleirkulturell bakgrunn til barnehagen, reiser dei tilsette først på heimebesøk til familien. Der viser dei ein film om barnehagekvardagen og fortel kva det vil seie å gå i barnehagen. Etter kvart blir mor eller far med i barnehagen, så lenge det er naudsynt, og til barna er blitt trygge på den nye kvardagen. Barnet får også ein eigen tilsett den første månaden.

– Det varierer veldig kor lenge foreldra må vere med, men det er betydeleg lengre enn vanleg tilvenning. Det er klart dette er ressurskrevjande, men det er verdifullt å leggje ned denne ekstrainnsatsen i byrjinga. Det ser vi resultatet av seinare, slår Ingunn Bårdsen fast.

Ho nemner språktiltak som kommunikasjonskort, snakkepakken, bokkassar med bøker på fleire språk og konkretisering med bilete, teikningar og plakatar på veggene.

– Alle skal finne noko kjensleg i barnehagen når dei kjem inn døra. Noko som dei kjenner att frå sitt eige land og sitt eige språk.

Språkleg plattform

Snakkepakken er eit pedagogisk språkverktøy som kan brukast uansett kva språkkunnskapar eller morsmål barna har. I pakken er det både gjenstandar, spel og bøker som ein kan bruke i språkstimuleringa. I Førresfjorden barnehage blir snakkepakken brukt som ei plattform i språkarbeidet for heile barnehagen.

– Det er ulike tema for kvar månad, og ein kan endre opplegget for kvart år. Eit tema kan til dømes vere eventyr, der ein kan lære ulike ord og uttrykk. Snakkepakkane kan ein bruke parallelt på morsmål og norsk.

– I tillegg brukar me kommunikasjonskort som viser enkle ord og uttrykk på morsmål og norsk. Desse korta kan i tillegg barna snakke med. Dei ligg framme slik at ein kan peike på dei dersom ein til dømes må på do, men ikkje kan forklare det på norsk. Me har også brukt ein del ressursar på å omsetje teksten i mange bøker, slik at tekstane blir tilgjengelege for alle.

Dei tilsette i barnehagen har også vore på studietur til London, og der investerte dei i ein «mantring lingua talking penn»; ein penn som kan oversetje tekst, og som barna kan bruke til å lese inn eigne tekstar. Han har gjort mange tekstar tilgjengelege for fleire barn enn før.

Observerer utviklinga

Bårdsen fortel at dei jobbar med barna både enkeltvis og i grupper. For skulen er det dessutan viktig at barnehagen registrerer kvar barna er i språkutviklinga, slik at dei kan førebu seg på at barnet skal byrje i skulen.

– Det går på registrering av ting som om barna forstår enkle ord, og om dei inviterer til samtale eller gir respons dersom dei blir prata til. Ein observerer også lesestunder for å sjå om barnet forstår handlinga i forteljinga. Dersom barnet til dømes blir inspirert til å teikne av historia som blir fortald, er det tydeleg at han har skjønt handlinga, seier Bårdsen.

– Kva resultat ser de av arbeidet med ekstra språkstimulering?

– Det er vanskeleg å måle desse resultata, men me ser at mange av barna lærer det norske språket raskt, og at dei lærer betre dersom dei byrjar tidleg i barnehagen, slår Ingunn Bårdsen fast.

Lik Framtida.no på Facebook: