Her kjem ei ny vrimlebok i serien vrimlebøker, som vi har blitt så glade i. Frå før kjenner vi vrimlebøkene til Rotraut Susanne Berner, der kvar bok tek oss gjennom ei av årstidene.

Denne gongen er det ein ny forfattar og illustratør som har laga ei vrimlebok, om livet på hamna frå morgon til kveld. Denne gongen har boka tekst. Dei førre bøkene har vore heilt utan tekst, men i denne er det fem-seks linjer med spørsmål øvst på kvar venstreside. Desse spørsmåla er nett dei same som vi sikkert hadde stilt sjølve: Kvar er katten? Kva skjer med endene?

Eg er ikkje sikker på om det er nokon god ide med tekst. Det skulle ha vore interessant å høyre kva tanken er bak dette. Vanemennesket kan lett kome til å mislike det fordi vi ikkje er vane med at det skal vere slik. Dessutan verkar det litt overflødig med tekst i ei slik bok. Heile vitsen med denne boka – og med dei andre vrimlebøkene – ser jo ut til å vere at du skal kunne gå på oppdagingsferd frå side til side, utan kompass og andre rettesnorer, og finne dei fine historiene i all detaljrikdommen desse bøkene byr på.

Likevel, når vi så har fått rydda det med teksten av vegen, så skal det seiast at denne vrimleboka, som dei andre vrimlebøkene, er ei bok det er lett å bli glad i. Her er så mange gode historier som ligg i dagen, eller som ein må leite etter og brått er der ein dag, etter at du har lese boka hundrevis av gonger. Og sjølv om illustrasjonane til Britta Teckentrup er noko annleis enn Berner sine, så kan eg jo ikkje henge meg opp i det, men heller glede meg over alle dyra med dei venlege ansiktstrekka som eg kan bli kjend med og følgje eit heil døger i hamneområdet i byen.

Vrimlebøkene kjem i eit stort og hardt format som tåler ein støyt, noko som er eit ekstra pluss. Bøkene er meinte for barn frå 2 år og oppover.

Døgn-vrimleboka: Liv og røre i hamna

Tekst og illustrasjon: Britta Teckentrup

Det Norske Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: