Her er sju eventyr samla, eitt eventyr for kvar dag. Trass i at prinsesser og drakar alltid har høyrt til i eventyr, er alt snudd på hovudet i denne boka. Her er det nemleg prinsessene som har kontroll på drakane, ikkje omvendt. I denne boka er prinsessene slett ikkje skuggeredde og avhengige av å få hjelp, men klarer seg godt på eiga hand.

I tekstane er det mykje humor og morosame bokstavrim. Til dømes høyrer me om prinsesse Månestråles måndag, prinsesse Torindas torsdag og prinsesse Soveleies søndag. Her er drakar som er mørkredde, som ikkje likar skitne prinsesser, og som aller mest gjerne vil ha eit nytt dokkehus.

Illustrasjonane er i ekte eventyrstil, med overdådige slott, prinsesser og leiker. Borna vil lett kjenne att typiske eventyrtrekk og garantert bli overraska over at historiene er pakka inn i ein ny drakt. Og kven har høyrt om ein raud drake før? Som er så liten at han ikkje orkar å røve prinsessa?

Eller kva med prinsessa og draken som skifter rolle? Om prinsessa som røvar med seg draken utkledd i prinsesseklede heim?

Prinsesser og drakar

Av: Christina Björk og Eva Eriksson

Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: