«Vennene mine er så gode, og da blir jeg snill» (Elise, 6 år). Denne utsegna kjem frå ei jente i ein av barnehagane i Ringebu kommune. I dei to kommunale barnehagane (i tillegg til seks av familiebarnehagane i denne opplandskommunen) har barn og tilsette arbeidd mykje med emnet venskap.

 

 

Medan eg skriv denne kommentaren, er det mange barn som skal byrje på eit nytt år i barnehage eller skule. Mange barn og foreldre møter dessutan barnehagen eller skulen for fyrste gong. Kjenslene kring dette kan vere mange og blanda, men noko er felles: Korleis vil barnet vårt klare seg i lag med dei andre? Eller sagt med andre ord: Får barnet mitt vener?

Inkludering og kjensla av å høyre til er ein føresetnad for læring og trivsel i barnehage og skule. Til dømes er sosial kompetanse eit av hovudområda i rammeplanen for innhaldet og oppgåvene til barnehagen.

Sjølv om vi etter kvart har fått mange anti-mobbeprogram, ser vi at mobbing som fenomen diverre held seg om lag stabilt. Å førebyggje mobbing og utestenging er difor eit arbeid vi som vaksne aldri kan seie oss ferdige med.

Venskap verkar førebyggjande i høve mobbing, i tillegg til at venskap har ein klar eigenverdi for den einskilde – det vere seg barn eller vaksen.

Barnehagen er den fyrste sosialiseringsarenaen som barn møtar utanom heimen. At barn utviklar god sosial kompetanse, noko som mellom anna inneber å forhalde seg til andre, er truleg noko av det viktigaste barn kan få med seg frå barnehagen.

Barnehagane i Ringebu kommune har i 2012 hatt ekstra fokus på venskap som førebyggjande faktor og som verdi i seg sjølv. Filosofering i små grupper og i lag med tilsette har vore ein viktig del av prosjektet.

Elles er mange metodar tekne i bruk; fotografering, teikning, modellering og andre skapande prosessar som syner barna sine tankar om kva venskap er. Symbola på venskap som barna i Ringebu-barnehagane har funne fram til, er mange: venskapsband (armband og andre band), songar, vers og venskapspinnar for å nemne nokre.

Resultatet av barna sine filosoferingar over emnet venskap vert vist på ei utstilling på Ringebu prestegard i sommar. Sommarutstillinga 2012 er ei dokumentasjonsutstilling med fotografi, teikningar og barna sine filosoferingar om venskap.

Alle barnehagane i kommunen har etter kvart lang tradisjon for å delta på sommarutstillinga, i lag med kjende kunstnarar frå inn- og utland.

Sjølve utstillinga er verd ein artikkel i seg sjølv, men ved å sjå utstillinga får vi innsyn i eit solid arbeid med pedagogisk dokumentasjon, i tillegg til estetiske opplevingar. Desse barna sine filosoferingar kring venskap er noko du som vaksen vert klokare av.

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.

Lik Framtida.no på Facebook: