Klepp Mållag har gjeve ut ei brei samling med nynorske songar, rim og regler. Det set barnehagane i kommunen pris på. 
Klepp Mållag tok initiativ til å lage heftet Språkglede 4–8 som ein reiskap for lærarar og førskulelærarar. I heftet er det samla nynorske rim, regler og songar som mållaget meiner er viktige å bruke i skular og barnehagar landet rundt. Her er alt frå songar som «Fyrste blomen han er komen» og «Tusen plommer» til rim og regler som «Teljeregle», Årstidene» og «Ord». I alt er det 61 sider med songar, rim og regler.

 

–      Me sette ned ei gruppe som skulle jobbe med dette. To av oss arbeidde dessutan i skulen og hadde tilgang til lærebøker, songbøker og så vidare. Det er sjølvsagt mykje anna ein kunne ha teke med, men det er no eit utsnitt, seier Margareth Skrettingland Roba i Klepp Mållag.

–      Heftet er sendt ut til alle skulane og barnehagane i kommunen. Målet er at borna tidleg skal møte nynorske songar, rim og regler. Me trur det er viktig å fokusere meir på nynorsk enn på dialekt. Mange av lærarane i skulen, til dømes, meiner det er greitt å lese bøker på dialekt, men eg trur det skadar nynorsken, slår Roba fast.

 Sørhellet barnehage er ein av barnehagane i Klepp kommune som aktivt brukar heftet. Assisterande styrar, Lill Iren Sele, meiner det er viktig å ha mykje nynorsk materiale å ta av, sidan dialekta i kommunen ligg tettare opp mot nynorsk enn bokmål.

–      Det er viktig at borna møter mykje nynorsk, det blir ofte nok bokmål. Difor er me også medlem i den nynorske bokklubben Blåmann og kjøper inn ein del nynorske bøker.

–      Men kva tenkjer de om å bruke nynorsk kontra dialekt?

–      Her brukar me mykje dialekt. Dei fleste som jobbar her, er herifrå, og det blir unaturleg for oss å lese til dømes bokmål.

Ho viser til at heftet med nynorske songar, rim og regler blir brukt både i leik for dei minste og i språksamlingar og samlingsstunder for dei eldste.

–      Me som jobbar med dei minste, brukar heftet både i leik på golvet og ute på tur.

Også kommunalsjef for skule og barnehage, Trond Roy Pedersen, rosar mållaget og arbeidet dei har lagt ned med songheftet.

– Det er viktig at borna får eit tidleg møte med den nynorske språkdrakta, som dei jo seinare møter igjen i skulen, meiner han og legg til at tilfanget av nynorske tekstar og songar til skule og barnehage gjerne kunne vore større.

 

Lik Framtida.no på Facebook: