Dette er ei gjenforteljing av bibelhistoria om Noahs ark og fabelen om korleis hunden fekk snute. Bibelforteljinga er modernisert, både i språk og handling. Her blir Arka kalla ein livbåt, dyra som går om bord, har trillekoffert og ryggsekk, og krokodillen får cornflakes til frukost.

Teikningane er store og detaljerte. Likevel gjev dei eit litt for enkelt preg, meiner underteikna. Dei blasse fargane gjer sidene litt for like, og kanskje ikkje så spanande og innbydande for dei unge lesarane. Trass i det gjev detaljane mange historier i same forteljinga og mange små oppdagingar, for dei eldste borna som kan lese sjølve, men også for dei som blir lesne for. Borna vil nok føle med hunden som blir ståande for å tette holet då det går hol på Noahs ark; ikkje rart at snuten blir våt då. Boka vil gjere ei bibelforteljing som dei fleste kjenner, enklare å fylgje med i og gjev forteljinga ei moderne ramme som aktualiserer ho. I byrjinga av boka blir det til dømes fortalt at Noah reiste rundt overalt og samla saman alle dei dyra ein kan tenkje seg. Han inviterte til og med inn dei slimete vesena som folk flest sprøyter gift på eller trør på for å bli kvitt for godt. 

Historia om korleis hunden fekk våt snue
Av Kenneth Steven Illustrert av Øyvind Torseter
Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: