– Det skal ikkje så mykje til for å få born i barnehagen og småskulen til å bli tryggare på det nynorske skriftspråket, seier Elisabeth Djuvik Hanstvedt til LNK-avisa.

Ho jobbar som skulebibliotekar ved Søfteland skule i Os kommune og er samstundes ansvarleg for gjennomføringa av eit nynorsk språkprosjekt på Os. Prosjektet kom nå i år inn under Nynorsksenteret sitt barnehageprosjekt, Nynorsk i barnehagen / Nynorsk frå skulestart.

Elisabeth D. Hanstvedt (Foto Astrid Eidhammer Hjelmeland)– Prosjektet vårt, som starta i år, er eit samarbeid mellom barnehagen og skulen, fortel Hanstvedt. Tanken er å førebu femåringane på språkopplæringa i skulen, held ho fram.

Skattekister

Samarbeidsprosjektet på Os munna nyleg ut i tre skattekister som dei tre barnehagane får. Innhaldet er 35 bøker på nynorsk innan ulike sjangrar, som høgtlesingsbøker, rim og regler og faktabøker.

– Born bryr seg ikkje om dei les om dinosaurar på nynorsk eller bokmål, understrekar Hanstvedt. Men ved å få høyra nynorsktekstar vil dei òg opparbeida seg eit nynorsk ordforråd.

I tillegg til bøker får personalet i barnehagen eit ressurshefte som inneheld tips til nyttige nettstader som har fokus på nynorsk språkopplæring, og arbeidsoppgåver knytte til bøkene i skattekista.

– Målet er at borna ikkje skal bli presenterte barnelitteratur heilt ukritisk, seier Hanstvedt. Borna må bli presenterte tekstar på det språket dei skal læra i skulen, allereie i barnehagen. Den manglande tilgangen på nynorsk barnelitteratur i barnehagane heng saman med økonomi, trur Hanstvedt.

– Dei store forlaga har større høve til å senda ut rimelege bokpakkar enn dei nynorske forlaga, og for barnehagar med dårleg økonomi blir det lett å prioritera desse. Men på Os har det lokale mållaget vore ute tidlegare med nynorskbøker til barnehagane, fortel ho.

Godt samarbeid

Det ligg til rette for at prosjektet skal gje gode resultat, då både barnehagar og skulen er involverte. Hanstvedt fortel at ho i dag samarbeidar tett både med pedagogisk leiar i barnehagen Nøtteliten, Gro Øvredal, som jobbar med femårsgruppa i barnehagane, og Grethe Thomassen, som skal ha fyrsteklassingane komande haust. Hanstvedt si rolle frametter blir å vera eit bindeledd mellom barnehagen og skulen.

Styrka identitet

For Nynorsksenteret var samarbeidsprosjektet på Os så spennande at dei let dei ta del i det allereie oppstarta barnehageprosjektet, som har vara i snart tre år. Eigentleg skulle prosjektet ha vore runda av til jul i år, men er nå utvida til sommaren 2013.

Liv Kristin B. Øvereng, Nynorsksenteret (Foto Astrid Eidhammer Hjelmeland)Høgskulelærar Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er prosjektleiar for det treårige språkprosjektet Nynorsk i barnehagen / Nynorsk frå skulestart. Prosjektet har hatt i alt 31 deltakarar frå fire ulike fylke.

Tilbakemeldingane ho har fått frå barnehagane undervegs, har vore utelukkande positive.

Barnehagar i nynorskkommunar har opplevd at dei har fått hjelp til å styrka identiteten og det nynorske språket tidleg.

– Medan nokre barnehagar i oppstarten hadde vanskar med å få med alle i personalet i nynorskprosjektet, er det nå etter to og eit halvt år ikkje eit tema lenger, fortel Øvereng. Det har blitt naturleg å lesa nynorsk.

– Ein les nynorsk litteratur på nynorsk, bokmålslitteratur på bokmål og snakkar dialekt, seier Øvereng.

Les heile saka på LNK.no

Lik Framtida.no på Facebook: