Dette er den andre boka om politihunden Falk og politidama Hanne. Bøkene er lettleste, og dei spanande historiene fenger.

I denne boka skal Falk og Hanne på nattevakt, noko som skal vise seg å bli ei særs spanande natt. For det første held dei på å køyre ned Simon, sonen til dokter Bakken, som syklar på vegen utan lys, og når oldemor til Simon trur ho er vitne til eit innbrot i butikken Juvelen, blir det verkeleg spanande.

 

Det er godt driv over historia og fleire spenningstoppar å gle seg til. Samstundes er teksten skriven i ei så enkel og lett språkdrakt at historia er lett å fylgje med i og lese for dei fleste. Boka passar best for jenter og gutar mellom 8 og 10 år, men kan nok fint lesast høgt for dei som er mindre, òg.

Omslaget kunne gjerne vore meir spanande enn det er, kanskje blir uttrykket litt for enkelt til å fange målgruppa. Teikningane inni er òg tradisjonelle, men byggjer godt oppunder forteljinga. Boka gjev eit godt bilete av ekte politiarbeid, og det er lett å sjå at forfattaren arbeider som politi på Sunnmøre og kjenner stoffet godt. 

Spesielt kjekt er det at politiet sitt fonetiske alfabet står på innsida av omslaget. Det er ikkje sikkert alle dei vaksne lesarane heller kjenner til det.

Av : Tone Nørvåg
Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: