Sunne vanar er viktig allereie i barnehagen, skriv leiar i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel på barnehage.no 

 – Gode vanar er grunnleggande viktig for barn si utvikling, helse og trivsel. Når sunne vanar blir ein naturlig del av livet allereie i barndommen, tar ein ofte desse med vidare i livet.


Barnehagane speler ei viktig rolle i å legge til rette for ein kvardag for barna der det blir sett lys på helsa vår.  Men me må gå lenger i å definere kva dette har å seie konkret for barnehagane, skriv Ryel på barnehage.no

Ho legg vekt på at ein når dei fleste barna gjennom barnehagen, uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn. Omlag 9 av 10 barn i Noreg går i barnehage, og mange av dei er der meir enn 40 timar i veka.

– Tobakksforebygging, solbeskytting, fysisk aktivitet og sunt kosthald er dei viktigaste innsatsområda for å forebygge kreft, og ei rekkje andre sjukdommar. Forebygging må skje frå tidleg i livet, og ved ein større innsats på arenaer der me når alle, vil det også bidra til å utjamne sosiale helseforskjellar, slår Ryel fast.

Ho viser også til at kommunane har fått eit større ansvar for å fremje helse og trivsle i den nye folkehelselova. Då må både barnehagar og barnehageeigarar vite kva krav som blir stilte til dei. I tillegg må ein gi gode sjansar til kompetanseheving, gode verktøy og veiledning.

Les heile saka på barnehage.no

Foto: Øyvind Risvik

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: