No får barnehagane ein heilt eigen språk-konsulent.
Fremmedspråksenteret har no tilsett ein eigen barnehagekonsulent som skal arbeide med framandspråk i barnehagen, skriv barnehage.no.
Bakgrunnen er at senteret har fått eit nytt mandat frå Kunnskapsdepartementet, der målgruppa vart utvida til og med barnehagenivå.
– Jobben går ut på å vere Fremmedspråksenteret sin kontaktperson når det gjeld barnehagen. Konkrete oppgåver som eg kan kome til å jobbe med vil vere å kartlegge aktivitet og opplegg som allereie eksisterer. Dessutan skal eg veilede tilsette i barnehagane som ynskjer å arbeide med engelsk eller andre framandspråk saman med barnehagebarna, utarbeide konkrete opplegg som tilsette kan gjennomføre, samt promotere engelsk og andre fremandspråk i barnehagane, seier Renate Evjenth som er tilsett i stillinga.
Stor innvandring og fleire framandspråk i ulike medium fører til at det blir viktig å satse på at borna kjenner igjen, og kan bruke fleire språk, slår Evjenth fast.
Nasjonalt senter for fremmedspråk i opplæringen (Fremmedspråksenteret) vart etablert i 2005 som eit tiltak i strategiplanen «Språk åpner dører» (2005-2009, revidert 2007). Senteret er lagt innunder Kunnskapsdepartementet som har delegert oppfølgingsansvaret til Utdanningsdirektoratet.