Kunsten er ein naturleg del av kvardagen i Båsmobakken barnehage.

 

Båsmobakken barnehage er ein privat barnehage i Mo i Rana. Barnehagen har 20 barn mellom 1 og 3 år og 50 barn mellom 3 og 6 år. Dei har sidan midten av 1990-talet vore opptekne av kreativitet og har jobba med å gje borna høve til å uttrykke seg i formingsfaget. Dei siste sju åra har barnehagen jobba konsentrert med filosofien til Reggio Emilia.

– For oss er ikkje arbeidet med kunsten eit prosjekt. Kunst som uttrykk er eit av dei viktigaste fagområda våre og ein stor del av kvardagen. Det kan vere veldig ulike tema for kunstprosjekta, alt frå å undersøke element som vatn til å forske på apekattar, sirkus, vennskap eller lys, seier styrar Susanne Jøsevold.

 

Stiller ut
Båsmobakken barnehage har hatt fire store kunstutstillingar sidan 2007. Dei første utstillingane arrangerte barnehagen i lokala til Rana museum.

Den siste vart vart halden i eit gamalt fjøs i bygdemuseet som ligg like ved barnehagen. Då feira barnehagen opninga av utstillinga med ein skikkeleg haustfest, der dei inviterte foreldre, søsken og besteforeldre. Til saman på alle utstillingane har barnehagen hatt om lag 5000 besøkjande.

– Her stilte me ut resultata frå kunstprosjekt dei to siste åra. Her var alt frå portrett, store fellesarbeid, arbeid i kol, leire, pastell, landart og i tova ull. Borna har blant anna arbeidd med kaptein Sabeltann, apekattar, sjiraffar, dinosaurar, ballerinaer og kråker. Bakgrunnen for utstillingane er å vise den fantastiske kompetansen borna har, og verdsetje det kunstnariske uttrykket deira på ein respektfull målte, men også å inspirere andre, både born og vaksne, til å jobbe med uttrykk innanfor kunst, seier Jøsevold.

 

Vart inspirert
Frå våren 2006 til hausten 2011 hadde Båsmobakken barnehage ein kunstnar tilsett

– For oss er det viktig at dei tilsette arbeidar mest med dei områda dei er best på. Å utvikle kompetansen innan kunst har vore prioritert i fleire år.

Opphaldet til kunstnaren inspirerte fleire av dei tilsette til å gå på kurs der dei kunne lære meir om prosessorientert arbeid med kunst i høve born. No har desse fire ansvaret for kunstarbeidet på begge avdelingane. Jøsevold meiner vidare at det er viktig å ha god kunnskap om ulike teknikkar og materiale for at ein skal vere i stand til å rettleie borna i læringa deira. I 2004 bygde barnehagen i tillegg eit eige atelier.

– Eit eige rom med mange og store vindauge og god belysning som er i drift kvar dag året rundt. Her har me bygd opp eit system med mange ulike materiale, slik at ein veit kva ein har, og kva ein kan bruke til dei ulike uttrykka. Det er viktig at materiale og utstyr er av god kvalitet, elles får ikkje borna det resultatet dei vil ha. Dei veit godt kva måling som kan brukast kor, og kva tusj dei må bruke for å få den streken dei vil.

 

Utviklar fantasien
Målet med kunstarbeidet er å gje borna mange og varierte sanseinntrykk, slik at dei skal kunne bruke kunsten som ein reiskap til å arbeide med impulsar og inntrykk. Det er naturlegvis også eit mål å få borna til å eksperimentere og gje uttrykk for eigen fantasi, draumar og førestillingar.

– Via kunsten lærer borna mykje om samarbeid og demokratiske prinsipp. Mange av bileta er store arbeid på 2×2 meter, og borna har full kontroll over prosessen frå byrjinga til slutt, kva innhaldet skal vere, og kva fargar dei vil bruke, seier Jøsevold.

Ho meiner arbeidet er viktig for å utvikle fantasi, kreativitet og skaparglede. Og ikkje minst er det ei øving i konsentrasjon og koordinasjon mellom auge og hand.

– Me ser også at born som i utgangspunktet er usikre, utviklar seg gjennom å oppleve meistring. Dei får utvikle eit «språk» som dei kan uttrykke seg gjennom, og for mange opnar det seg då ei ny verd, samstundes som det gjev dei ein heilt ny status i gruppa.

I 2010 vann barnehagen den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur. Dette tiltaket er knytt opp til Kunnskapsdepartementet sin strategiplan for kunst og kultur i opplæringa. Prisen vart gjeven for prosjektet «Sirkus Bananas».

 

(Foto: Båsmobakken barnehage)