Forfattarane bak bøkene om Bø og Bæog Benny har skapt dei nye vennene Pom og Pim. Dette er gode kvardagshistorier om flaks og uflaks, om korleis noko som i utgangspunktet ikkje er så bra, kan snu og bli positivt og fint.

 

Boka kom på svensk i 2012 og er allereie omsett til fleire språk. Teikningane er store og ber heile historia. Fargane er duse og gjev oss ei kjensle av noko som er jordnært og litt forsiktig. Problema Pom og Pim støyter på, er kanskje ikkje så store, men dei er verkelege og viktige nok akkurat her og nå.

Det er flaks når ein finn pengar til å kjøpe is for, men uflaks når ein et isen så fort at ein får vondt i magen.

Forteljinga syner borna at ein ikkje treng å gje opp om verda går i mot. Som regel vil det løyse seg. Boka passar truleg best for borna mellom to og fem år.

 

Av Lena og Olof Landström

Samlaget 2013