Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) set no kunst og kultur for barn og unge på dagsorden.
I morgon arrangerer Kunnskapsbanken eit seminar om praktiske og estetiske fag frå grunnskulen til høgare utdanning. Målet er å stille spørsmål om ein treng ei haldningsendring i forhold til kunst og kultur for barn og unge.
I tillegg til kunnskapsministeren kjem blant andre professor Anna-Lena Østern ved NTNU for å snakke om estetisk tilnærming til læring, senterleiar Kirsti Saxi ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen tar opp kor viktig tidleg innsats er for den estetiske læringa og skodespelar Johannes Joner og dagleg leiar Marit Ulvund ved SEANSE, senter for kunstproduksjon ved Høgskolen i Volda skal fortelje om kva erfaringar dei har gjort seg i samarbeid med skular.
I tillegg blir det blant anna orientert om arbeidet rundt Den kulturelle bæremeisen i Bergen kommune.
Kunnskapsbanken arbeider med å utvikle norsk kunnskapspolitikk.