Regjeringa forbyr bruk av barn som tolkar og vil sjå nærmare på organiseringa av tolketenesta.

 

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV) meiner at det er viktig at barn skal sleppe å vere vaksne.

– Det er noko i vaksenverda dei skal sleppe å ta stilling til og vite noko om. Dessutan har barn som tolkar inga opplæring i å fungere som tolk, seier ho til VG.

I fleire tilfelle har barn blitt brukte som tolkar for sine eigne foreldre både på sjukehus, i barnevernet, i Nav og ikkje minst på skular.

Dette skal det no setjast ein stoppar for, samtidig som den statlege tolketenesta skal under lupa for å avdekkje behovet for ei omorganisering.

– Vi ønskjer å ha fleire statsautoriserte tolkar, og vi ønskjer å utdanne og rekruttere fleire tolkar, seier Thorkildsen til avisa. (NPK)

 

 

 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: