Stavanger kommune innfører no prosjektet Tidlig innsats i alle barnhagane.
Pilotprosjektet Tidlig innsats er gjennomført i 18 barnehagar, no vil gjerne oppvekststyret i Stavanger tilby prosjektet til samtlege barnehagar.
I prosjektet har eit tverrfagleg team observert barna med mål om å oppdage tidleg kven som treng ekstra oppfølging, som tildømes frå helsesøster, PPT, barnvern, fysioterapeut eller lege.
– Jo tidlegare me kan hjelpe barn jo bedre. Å sørge for at barn som treng det får ekstra oppfølging i barnehagealder, vil føre til at me får færre som droppar ut av vidaregåade skule og som hamnar på NAV, seier lokalpolitikar Arnt-Heikki Steinbakk (Ap) til Stavanger Aftenblad.