Arbeid med språk er ei av kjerneoppgåvene til barnehagar, og det er mange gode måtar i dette arbeidet. Bergetippen barnehage i Aukra kommune har utvikla metode og materiell for å auke barna sitt ordtilfang. Ordtrolla Stein og Symre samlar på ord overalt. Ei natt kvar veke kjem dei til barnehagen og gøymer eit brev med nye ord, og dagen etter er alle barn frå 1 til 5 år på jakt etter trollbreva med ord i.

Jakta på orda er spanande, og nye ord vert møtt med forventing. Orda vert så brukte i samtale med barna. Det er viktig at orda blir tekne med vidare i kvardagssamtalar i barnehagen og blir ein del av barna sitt vidare ordtilfang.

Orda kan vere konkrete, og då har ordet eit bilete ved sida av. For dei minste er det konkrete ord som vert brukte. Dei eldste kan få abstrakte omgrep i trollbrevet. Den dagen dei fekk orda framom, bakerst og ved sida av, laga dei straks ein leik; rekkefølgjeleiken. Gjennom leiken vart omgrepa repeterte, og forståinga av orda vart konkret og fysisk leika inn.

I språkprosjektet Troll med ord er det mange historier om Stein og Symre. Historiene er knytte til dei ulike fagområda i rammeplanen og illustrerte med fargerike teikningar. Gjennom spanande historier vert ulike ord presenterte for barna, og i samtale og refleksjonar kjem barna sjølv med ord og omgrep som blir tekne med vidare. Orda må brukast ofte for at det skal bli levande språk.

Orda er oftast skrivne på nynorsk, men Stein og Symre samlar ord både på nynorsk, bokmål, fransk og somalisk! To av historiene er trykte som bøker, og ordtrolla er produserte som tøydokker til å leike med. For dei yngste er det laga solide peikebøker med illustrasjonar ein kan samtale mykje om. Det hender også at ordtrolla kjem med ei bok frå biblioteket sitt eller ein song med fine ord i. Metoden i Troll med ord kan brukast med bøker, vers, songar og anna materiell. Vi har erfart at når personalet er kreative, er det utruleg mange variantar av godt arbeid med språk og ordtilfang.

Barnehagen har arbeidd med denne metodikken i to år og gjort mange spanande erfaringar. Ut frå dette vert det no arbeidd med ein rettleiar til metodikken, med innhald knytt til forsking, fagområda i rammeplanen og konkrete erfaringar og eksempel frå arbeidet i barnehagen. Det er mange måtar å arbeide med språk på, og for Bergetippen barnehage er Troll med ord blitt ein inspirerande metode, der leik og læring går hand i hand med det mystiske og spanande. Vi har erfart at barn, foreldre og personale har fått auka språkmedvit og språkglede, slik målet vårt var.

Berit Drejer er styrar i Bergetippen barnehage i Aukra kommune.

Lik Framtida.no på Facebook: