– Samanlikna med kor mykje arbeid og innsats det gjerne kostar når ein seinare i livet skal lære seg eit nytt språk, går språklæring som ein leik for barn, meiner Jens Haugan. 

– Evolusjonen har finpussa på oss menneske over svært lang tid, og vi har rett og slett blitt programmerte til å kunne lære språk. Ut frå eit moderne dataperspektiv vil ein kunne seie at vi kjem med ferdig installert programvare, skriv Haugan som er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Hedmark. 

– Det er likevel ikkje så enkelt. Språkprogrammet må stimulerast for å fungere. Det er ikkje slik at sjølve språket er medfødd; det er berre evna til å lære språk som er medfødd. Det er òg mogleg at vi har ein grammatisk grunnstruktur i hjernen allereie frå fødselen, som Noam Chomsky kalla universalgrammatikk (UG). Men barn må bli utsette for språk; dei må bli stimulerte for at språket skal kunne vekse, skriv han i ein kommentar på lnk.no

Haugan viser til at det finst døme på barn som av ulike grunnar ikkje har høyrt menneskespråk i løpet av dei første ti – tolv åra, og som aldri klarte å lære eit språk skikkeleg. Dette meiner han viser kor viktig det er å stimulere språkevna for at den skal utvikle seg og fungere.

– På den andre sida finst det då òg barn som veks opp med mange språk, slår han fast. 

– Når ein tenkjer på korleis ein som vaksen kanskje studerer språkfag i mange år og får vitnemål og gradar som teikn på høg utdanning og kompetanse, kan ein jo filosofere litt over alle desse barna i verda som meistrar både to og tre og fleire språk utan problem. Eit barn har vanlegvis tidleg ein språkleg kompetanse som overgår det meste av andre ferdigheiter ein skal lære seg i løpet av livet. Det tek mange år før barna lærer å smøre sine eigne brødskiver eller å knyte skolissene. Lenge før dei har lært dette, kan dei allereie bøye ord og lage lange, kompliserte setningar. Er det ikkje fantastisk?

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: