– Norske barnehagar er gode på leik og omsorg, men forskinga vår viser at barnehagane i sterkare grad også må leggje betre til rette for læring på andre utviklingsområde, seier førsteamanuensis Elin Reikerås ved Lesesenteret til forskning.no.
Forskingsresultata så langt viser at norske barnehagar ikkje vektlegg læring på same måte som barnehagar i andre land. I tillegg er det store skilnader på kva norske toåringar kan. Skilnadene aukar med alderen og er større enn det forskarane forventa, skriv forskning.no
Det er Stavangerprosjektet – Det lærende barnet, som leiar prosjektet. Prosjektet inneber over 1000 barn frå dei er to år i barnehagen til dei er nærmare ti år i skulen. Målet med forskingsprosjektet med utstpring i Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger er å kartleggje barna si språklege, matematiske, motoriske og sosiale utvikling i barnehagen og deretter barna si lese-, skrive- og rekneutvikling når dei går på skulen.
Nesten alle barnehagar i Stavanger er med i studien og tilsette i barnehagane har observert barna i tre månader då dei var to og eit halvt år gamle, og i tre nye månader då dei var fire og eit halvt år.
Alle tilsette har blitt kursa i forkant i regi av Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.