Frp i Oslo vil no ha språktest for alle treåringar.

 

– Foreldra bør ha på norsk TV og lese norske bøker, seier påtroppande leiar i Oslo Frp,  Camilla Wilhelmsen til barnehage.no.

Byrådet jobbar allereie med språk i barnehagen, men Wilhelmsen vil gå lengre og ynskjer å lovfeste språkvurdering av alle treåringar etter ein dansk modell – enten dei går i barnehage eller ikkje.

Wilhelmsen føreslår samstundes at barn som ikkje går i barnehage, og ikkje er gode nok i nynorsk, skal tvingast til å byrje i barnehage eller delta i språkgruppe. Og dersom ein av foreldra lever av offentleg støtte, skal det også vere eit krav at barnet må byrje i barnehage.

Lik Framtida.no på Facebook: