”Sunn fornuft” er ikkje alltid så sunn. Opp gjennom det meste av 1900-talet var det eit rådande syn, også mellom språkekspertar, at det var uheldig, og kunne vere skadeleg, om eit barn måtte vekse opp med meir enn eitt språk. ”Sunn fornuft” tilsa at slik måtte det vere.

I dag veit vi betre. Nettstaden Flere språk til flere (site.uit.no/flerespraaktilflere), som gjev råd og informasjon til fleirspråklege familiar, oppsummerer kva forskarane veit i dag, slik:

Barn som hører forskjellige språk i sine daglige omgivelser har gjerne større forståelse for forskjellige kulturer og andre menneskers synspunkter. De er ofte også bedre enn enspråklige til å gjøre flere ting samtidig (’multitasking’), til å fokusere oppmerksomheten på noe, de lærer ofte å lese tidligere og de er ofte flinkere til å lære nye språk.

Kvifor er ikkje dette heilt sjølvsagd kunnskap i ålmenta? Éin av fleire grunnar kan vere at ”sunn fornuft” tilsa at det å lære seg språk er som å fylle ein behaldar. Hjernen til barnet er behaldaren, og språktileigninga er fylling av behaldaren. Dersom hjernekapasiteten til mennesket hadde vore så liten at han kunne renne over viss vi lærte for mykje språk, måtte vi jo vurdere nøye kva språkkunnskapar som var mest naudsynte. Det var då òg vanleg før å tru at for mykje av det eine språket ville kunne vere til hinder for framvoksteren av det andre. Men forsking har altså vist at dette rett og slett ikkje stemmer.

Likevel treng vi framleis meir kunnskap om både dei ulike sidene ved fleirspråklegheit. Med finansiering frå Noregs forskingsråd etablerte Universitetet i Oslo i 2012 eit nytt senter for framifrå forsking, Senter for fleirspråklegheit. Dette senteret skal ”bidra med kunnskap om muligheter og utfordringer ved flerspråklighet slik at samfunnet effektivt kan forvalte språklig mangfold og at individer kan få utvidet sitt kommunikative handlingsrom” (slik det står på nettsidene deira).

Eit spørsmål som fleire forskingsmiljø i Noreg no ser nærmare på, er om språksituasjonen i Noreg, med to nærståande skriftspråk og eit mangfald av dialektar med høg status, inneber fordelar av same typen som dei vi kjenner til frå forskinga om tospråklegheit. Ein rapport frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim i 2012 ser ut til å styrkje hypotesen om at tospråklegheit der dei involverte språka er bokmål og nynorsk, har nokre av dei same fordelane knytte til seg som anna tospråklegheit.

Eg vil oppfordre alle som blir kontakta av språkforskarar som vil lære meir om fleirspråklegheit, til å ta godt imot dei. Og fram til dei kjem og bankar på: Nyt fleirspråklegheita!

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet

*Ein lengre versjon av denne artikkelen har tidlegare stått på trykk i LNK-avisa nr. 4, 2013.

Lik Framtida.no på Facebook: