Dagleg leiar i Tertnesparken barnehage, Eli Steinum, meiner det er viktig å arbeide for å få meir likestilling i barnehagen. Difor er no barnehagen komen med i prosjektet Ungdomsskuleelevar som leikeressurs i barnehagen.

 

I februar opna Fylkesmannen i Hordaland prosjektet som tidlegare er utprøvd i fleire fylke. Målet er at ungdomsskuleelevar skal vere ein leikeressurs i barnehagen, og 28 ungdomsskuleelevar frå åtte kommunar deltek i prosjektet. Det er eit kriterium at barnehagane har mannleg personale frå før. Prosjektet har bakgrunn i Kunnskapsdepartementet  sin rekrutterings – og kompetansestrategi GLØD og dei overordna måla om  likestilling mellom kjønna i alle deler. I prosjektet tilset barnehagane ungdomsskuleelevar som skal jobbe inntil 114 arbeidstimar på eit år. Dette meiner prosjektleiar i Fylkesmannen i Hordaland, Ingunn Landro Sandset, er ein vinn-vinn-situasjon, både for ungdommane og barnehagane. Eli Steinum i Tertnesparken barnehage er ikkje i tvil om det.

– Me ynskjer å vere ein del av eit verdiskapande arbeid rundt likestilling i barnehagen. Ungdomsskuleelevane vil vere ein ressurs for oss, seier Steinum.

Skal spegle samfunnet
Ho gler seg til å følgje prosjektet og meiner det er viktig at barnehagen speglar resten av samfunnet, også når det gjeld likestilling mellom kvinner og menn.

– Likestilling blant personalet gjev også jentene og gutane betre utviklingshøve, seier ho.

Tertnesparken barnehage har i dag ein mannleg pedagogisk leiar og ein mannleg assistent. Totalt tel personalgruppa sju personar.

– Kvifor er det så viktig at elevane møter yrket så tidleg?

– Når ungdommane skal velje vidaregåande skule, blir det ofte teke val knytt til yrkesretning. Viss ungdommane har positive erfaringar frå barnehageyrket, kan dette påverke eige val av studieretning. Det kan vere med på å skape gode haldningar til barnehageyrket.

For at elevane skal få jobb i barnehagen, må dei søkje på jobben og skrive kontrakt, noko Steinum meiner er ei verdifull erfaring å ta med seg.

– Dette er kanskje elevane sitt første møte med yrkeslivet. Gjer dei ein god jobb, får dei ein god attest, som igjen vil vere ein fordel for dei når dei skal søkje andre jobbar.

I Hordaland kom det inn 57 søknadar frå totalt ni kommunar som ville vere med i prosjektet. Fylkesmannen i Hordaland kan vidare melde at dei har ein liten oppgang i talet på menn som arbeider i barnehagane. Medan talet i 2012 var 9,4 prosent, er det i 2013 10,1 prosent menn i barnehagane.

Må heve statusen
Astri S. Måkestad er rådgjevar for barnehagane i Kvinnherad kommune, og ho er glad kommunen har kome med i prosjektet Leikeressurs.

– Barnehagane skal vere eit mangfald, og det er viktig at det òg viser att i personalet. Eg trur dette prosjektet kan vere med på å få fleire gutar til å utdanne seg til barnehagejobbar.

I Kvinnherad kommune har dei ein mannleg styrar og nokre mannlege vikarar. Måkestad legg ikkje skjul på at ho trur lønnsnivået og den generelle statusen til barnehageyrket viser att i kjønnsbalansen i barnehagen. Dette er Eli Steinum samd i.

– Barnehageyrket har vore eit kvinnedominert yrke i altfor mange år. Det er eit omsorgsyrke, og gamle haldningar har fått henge i. Heldigvis er denne trenden i ferd med å snu, meiner ho.

– Eg trur ikkje barnehagane fram til no har vore opptekne av å gjere barnehagen til ein attraktiv arbeidsplass for menn. Menn og kvinner har ulik kompetanse og ulike erfaringar. Det handlar om å gjere seg nytte av forskjellen mellom menn og kvinner. Klarer me det, vil kvaliteten i barnehagen bli betre.

– Korleis kan ein auke statusen til barnehageyrket?

– Det er ikkje eit høgtlønna yrke, dette, kanskje det kan vere ei årsak til at mange menn vel noko anna? Høgare lønn vil vere med på å heve statusen til heile barnehagesektoren, både for menn og kvinner, meiner Steinum og legg til at alle kan bli betre til å framsnakke eige yrke.

Lik Framtida.no på Facebook: