Bloggar Ine Marit Torsvik Bertelsen meiner det er særs viktig å lese biletbøker for barn i alle aldrar.

– Ein kan ikkjegi barn betre ballast i livet enn å lese biletbøker til dei og etter kvart med dei – frå dei er nyfødde, til dei flyttar ut som ungdom, meiner Bertelsen. Ho er ikkje i tvil om at kunsten å lese biletbøker er viktig når det kjem til kulturformidling for barn. 

– Kunsten å kunne «lese» bilete blir viktigare og viktigare.  Aldri har illustrasjonar og bilete vore ein større del av det å forstå samfunnet. Barn og unge treng veiledning i biletbruk, og det er der biletbøkene kjem inn, slår ho fast.