Ein pionér i barnebokformidling er gått bort. Etter kort tids sjukdom måtte Ingeborg Mjør gje tapt for kreftsjukdomen. Kulturavisa Pirion vart i si tid starta etter initiativ av Ingeborg Mjør og ho har inspirert mange barn og vaksne med sitt brennande engasjement for språk og barnelitteratur, og formidling av denne.

Kulturavisa Pirion har fått Janne Karin Støylen, som ein mangeårig samarbeidspartnar med Pirion og som har jobba tett med Ingeborg Mjør, til å føra nokre ord i pennen på vegne av alle som er glade i barnelitteratur.

 

Det var med sjokk og stor sorg eg tok i mot meldinga om at du har gått bort, kjære Ingeborg. Berre for få månader sidan arbeidde du energisk og samvitsfullt for at eg skulle komme i mål med masteroppgåva mi på det nye studiet i barne – og ungdomslitteratur som du var med å etablere på Høgskulen i Bergen. Eg følte at de laga det til meg! Men det var vanskelegare enn eg hadde venta. Ikkje kunne eg bu i Bergen, ikkje kunne eg slutte i jobben min.

Ingen orsakingar ville du høyre på.  Du hadde tru på idèen, det tok du opp att og opp att. Alt anna var uvesentleg. Eg måtte skrive. Og levere.  Tekstane fekk eg att med sider fulle av kritiske kommentarar. Men somme stader stod det ”JA!!” Og når vi såg at det kunne gå, var du der kvar dag: I innboksen, på tekstmelding. Så reiste eg til Bergen for å forsvare arbeidet. Men du kom ikkje. Du hadde ein time hjå legen, du fekk ikkje byte.

Eg tykte det var leit, men eg sette att bobler frå Bologna på kontoret ditt, kjøpt til deg då eg var der på barnebokmessa. Du takka og sa du skulle nyte dei i høge glas i ettermiddagssola saman med Tone (Birkeland). På verandaen din. Eg såg dykk føre meg,  de to – førstedamene i det barnelitterære fagfeltet, med sol og smil i andleta. Og kjende at det bildet var verdt alt! Kanskje rakk du det ikkje? Likevel er det er slik eg vil hugse deg: Strålande i skinet av ein god samtale, om dei viktige tinga. Venleg og vakker.

No tenkjer eg på alt som står att etter deg. Pionerarbeidet du la ned i doktoravhandlinga Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst byggjer på eit engasjement for boka og barnet som har vist seg gjennom eit eineståande produktivt verke på mange felt i ei årrekkje. Eg har lese lærebøker, artiklar, litteraturkritikk, kulturavisa di Pirion, endeleg høyrt deg som forelesar og til slutt fekk eg gleda av å ha deg som rettleiar. Det som står att etter deg, er støtt å stå på, for oss som skal arbeide vidare. For den strenge, krevjande haldninga di til det studentane dine skreiv, var nok berre ein skugge av krava du sette til deg sjølv. Eg vil alltid tenkje på deg som eit førebilete og ein inspirasjon. Skål og takk, kjære Ingeborg. Ingen kjenner dagen. Men sola skin over minnet ditt.

Janne Karin Støylen

Lik Framtida.no på Facebook: