Kvifor er kulturformidling til barn viktig?

– Det er viktig med kulturformidling til barn fordi det er ein rett barn har. Mitt område er å fortelja forteljingar, forteljingar som er kulturberande. Gjennom å lytta til desse forteljingane får barn ein tilgang til fellesskapet, og dei får hjelp til å språkleggjera erfaringane sine.

Forteljingane bidreg òg til å skapa meining. Personleg meiner eg at alle bør vita kva eit troll er. Då meiner eg det trollet som lever i fantasien sin skog fjell. Om dei døyr ut av fantasien vår, då er me fattige då.

 

Heidi Dahlsveen

Forteljar, forfattar, og høgskolelektor i forteljarkunst ved Høgskolen i Oslo

Lik Framtida.no på Facebook: