Eg er leiar i  det lokale teaterlaget, og det er ei oppgåve eg set stor pris på. Saman med andre eldsjeler og teaterentusiastar er vi glade for å kunne leggje til rette for gode opplevingar for vaksne, barn og unge. No er vi i gang med å førebu eit julespel. Det er ein tidlegare tradisjon, som vi har teke opp att. Responsen er god, og vi arbeider for at spelet skal ha så god kvalitet som mogleg, ut frå dei føresetnadene teaterlaget vårt har. Vi har mange flinke folk i alle aldrar og gode hjelparar, så vi gler oss til å gje publikum ei god oppleving med julespelet vårt.

 

I år har vi funne eit spanande lokale til framføring- ein låve på ein kjend kulturgard/ kulturprodusent her i området. Vi har bokstaveleg tala endeleg eit spelerom!  For denne gongen.

Sidan vi etablerte eigne barne- og ungdomsgrupper i 1996 har teaterlaget sakna spelerom. Spelerom til øvingar og framsyningar, men også eit lokale som høver seg for scenekunst, eit lokale der vi slepp å rigge opp og rigge ned kvar kveld, eit lokale der vi kan oppbevara kostymer og rekvisittar. Vi har vore på ei evig vandring desse åra mellom private utleigarar (dyrt), bygdahus, idrettshallar, skular og ein kommunal kino. (Kinoen er ein utruleg flott stad- som kino.) Nokre år med samarbeid med den lokale kulturskulen, førde med seg mellom anna gratis øvingsrom for barn og unge. Men problema med framføringsstad var dei same.

Fellesnemnarar for framføringsstader er at dei ikkje egnar seg for teater. Det er ofte vanskeleg å tilpasse teknisk utstyr, tilgang er vanskeleg og leiga er altfor høg for oss.

Eg tykkjer mangelen på offentlig  tilrettelegging for spelerom er særs mangelfull for barn og ungdom som vel å halde på med scenekunst. Men og innan organisert idrett for barn/ unge kan vi sjå liknande problemstillingar.

Det dreier seg i all hovudsak om kva for tilhøve kultur og friviljug sektor skal ha i eit oppvekstperspektiv.

Vi treng ulike arenaer for barn og unge. Arenaer som kan gje opplevingar å skape noko i lag med andre, gje sosial kompetanse og høve til meistring. Eg har vore så heldig at eg har brukt mykje tid saman med mange barn og ungdommar, som fann «sin» arena innan scenekunst/teater. Om ein ikkje vil stå på scena er det innan teaterproduksjon nok av andre oppgåver som design av plakatar, ljos- og lyddesign. 

For å kunne lykkast med å skape fleire gode arenaer og møteplassar, treng vi spelerom.  Nokon har håndballbanen som spelerom, i amatørteaterverksemda er spelerommet ein  føresetnad, på lik linje med fotballbanen og idrettshallen.

Norsk Teaterråd  har hatt ei quest-back undersøking med tema «Teater og scenekunst for framtida». Ikkje overraskande har det vist seg, at fleire lokale teaterlag rett og slett vert nedlagde på grunn av mangel på øvingslokale og framføringsstader. Undersøkinga har teke  sikte på å kartleggje lokale vilkår for øvingslokale og framføringsstadar. 

Norsk teaterråd er ein paraplyorganisasjon for 17 organisasjonar som er aktive innan amatørteaterverksemd i Noreg.

Spelerom handlar og om politiske val, både nasjonalt og lokalt. Det er rett nok fleire støtteordningar til produksjon av teater/scenekunst. Som lokallagsleiar søkjer eg på det som  er mogleg av støtteordningar, men sjølve føresetnaden manglar: støtte til spelerom.

Amatørteaterverksemd er friviljug, uløna arbeid. Det er greitt, fordi vi har stor glede av å leggje til rette for scenekunst (særleg for barn og unge), mestring, sosialt fellesskap- og glede ved å gi publikum gode opplevingar.

Fleire kommunar og regionar byggjer kulturhus med alle moderne fasilitetar. Dette er sjølvsagt svært kostnadskrevjande når det gjeld både utbygging og drift. Det er heller ikkje noko sjølvsagt at kvar kommune skal ha sitt eige kulturhus.

Medan vi ventar på spelerom, skal vårt teaterlag nyte tida vi kan vere på Rudi gard (kulturgard og kulturprodusent, her gir eg med glede tekstreklame)

Når julespelet er over,  skal vi i gang med fleire teateraktivitetar-  og jakta på spelerom fortset…

Lik Framtida.no på Facebook: