Denne biletboka er både vakker og underfundig. Den skaper eit mystisk univers der overraskingane står i kø. Luna som ikkje får sove, oppdagar noko som svevar i lufta. Er det ein ballong? Ein fisk? Ein månefisk?

Denne litt rare historia om Luna og fisken som reiser land og strand før dei endeleg får sjå månen, tar opp einsemd som eit viktig tema. Det er både lengt etter venskap og mykje håp i boka. Fantasien og månefisken blir eit vart og fint bilete på kva vennskap eigentleg betyr for oss. Det er truleg noko både dei yngste og dei litt eldre lesarane kjenner seg igjen i.

 

Det heile handlar om å finne ein stad der ein høyrer til, å kome heim. Mange gonger er den ferda farefull.

Teikningane er store og går i god dialog med dei små tekstlinjene. Det er fint at det somme gonger i boka berre er teikning og ikkje ord, det gir lesaren eit fint pustehol, og ein sjanse til å bruke sin eigen fantasi.

I slutten av boka får me også ei fin oversikt over kva månefisken eigentleg har prata om når Luna ikkje forsto kva han sa. Her er nemleg elleve spanande og ulike namn på månen, på like mange språk. Borna kan smake på desse ulike namna og sjå at fleire faktisk liknar litt. 

 

Lisa Aisato

Gyldendal 2014

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: