Eit aktivt språk – der ein set ord på alt under leik og formidling – er avgjerande i ein fleirspråkleg barnehage. I perioden 2007–2011 var Granåsen barnehagen i Skien kommune del av det nasjonale språkprosjektet Språkløftet, som hadde som mål å styrka språket og den sosiale kompetansen til born. Barnehagen har i dag ti tospråklege born av totalt 45, og sjølv om prosjektet er over, har barnehagen framleis arbeidsinndelte grupper der språk har hovudfokus, fortel styrar Anne Gro Gallefos.

I språkarbeidet nyttar dei mykje konkretiseringsmateriell og vel ut fokusord frå bøker, eventyr og tema-arbeid. Omgrep og ordforrådet til borna blir styrkt gjennom leik, songar, rim og regler, spel og bøker.

Dialog med heimen

I prosjektperioden fekk barnehagen inn ekstra ressursar, noko som gjorde at dei kunne tilsetta tospråklege assistentar. Dette gjorde at borna fekk bruka morsmålet sitt aktivt i barnehagen, og assistenten blei ein viktig brubyggjar i høve foreldra. I dag har ikkje barnehagen råd til denne ressursen og får ikkje stimulert borna sitt morsmål i like stor grad, fortel Gallefos. Men dialogen med heimen til dei tospråklege borna er framleis viktig.

— Me oppfordrar tospråklege foreldre til å sjå i bøker og lesa eventyr som me har som tema, fortel Gallefos. Dersom borna ikkje kan lesa, kan dei sjå på bilete.

Ho meiner det er viktig at foreldre blir oppfordra til å bruka morsmål heime.

— Born som har eit godt morsmål, lærer fortare eit nytt språk.

Forteljing

Eit anna viktig verkemiddel i språkopplæringa er styrking av borna si forteljarevne ved hjelp av samtalar rundt bilete, rundt det som blir lese, eller rundt noko ein har gjort i barnehagen. Eit døme er å lesa ei forteljing og la borna laga ein slutt.

Elles styrker barnehagen det språklege medvitet via lytteleikar, rim og regler, leik med setningar og ord, leik med stavingar, leik med framlyd og skriftspråkstimulering.

—   Me som jobbar i barnehagen, er den viktigaste språkressursen, understrekar Gallefos. Om morgonen helsar me på ulike språk, og me må bruka språket aktivt i alle kvardagssituasjonar i barnehagen og setja ord på alt me gjer. Dersom eg viser fram ein raud genser med kvite prikkar, må eg samstundes skildra fargane og forma.

Barnehagen er òg med på å knyta band mellom norske og tospråklege foreldre og oppfordrar born og vaksne til å syna interesse for dei ulike kulturane og landa dei har representert i barnehagen.

— Det er viktig at me er skapar gode haldningar til alle born og foreldre ved å vera imøtekomande og ved å visa respekt for kvarandre.

Last ned denne utgåva av pirion og tidlegare utgåver her:

Framside Pirion nr 7 2014

Pirion nr 7 2014 – Aktivt språk

Lik Framtida.no på Facebook: