mm

I Ølensjøen FUS barnehage har dei tilsette forstått verdien av å formidla bøker om igjen. Til glede for barna finn dei vaksne nye og spennande måtar å fortelja historia på.

– Kva er det Mopp og Mikko elskar for noko?

– Dyr!!! ropar ungane i Ølensjøen FUS barnehage.

– Sjå her, då! Kva er dette for noko?

– Ein pusekatt!!!

Det er samlingsstund på småbarnsavdelinga. Vibecke Gundersen har med seg mange dyr, bokfigurane Mopp og Mikko – og mange spørsmål om kva dyra heiter og kva dei gjer på.

Sidan våren 2014 har Ølensjøen FUS barnehage samarbeidd med Lesesenteret om eit utviklingsprosjekt, der dei aktivt nyttar lesing som utgangspunkt for språkstimulering for dei yngste barna.

– Barn elskar repetisjon, og repetisjon er òg nødvendig for språklæringa. For kvar gong ei bok blir formidla om igjen, møter barna språket på ny. Dei får bekrefta det dei veit, dei får bruka språket og dei får utvida erfaringane sine, seier Trude Hoel ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Nasjonalt døme
Ho håpar at prosjektet i Ølensjøen FUS barnehage blir eit eksempel til etterfølging for andre norske barnehagar.

– Me har sett at dei av ungane som var stille og rolege, har blitt ivrige i samlingsstunda og prøver å delta i samtalar så godt som dei klarer, seier Vibecke Gundersen. Ho er tidlegare spesialpedagogisk leiar i Ølensjøen FUS Barnehage.

Ho forklarer at ikkje alle barna har utvikla språket sitt enno, men at dei plukkar opp lydar og etterliknar dei så gode som dei kan.

Det er 16 barn frå alderen 0-3 år som har deltatt i dette prosjektet. Dei har mellom anna lært mykje om ulike dyr av «Mopp og Mikko», og dei har vore på handel i butikken med figurane. For kva er eigentleg å handla? Kvifor må me handla? Og kva kan ein handla?

– Imponert

Omsorgsassistent Jeanine Eide synest det er viktig å framheva at det er mogleg å ha med bøker på småbarnsavdelinga òg. Ho sydde Mopp og Mikko-tøydokker som ungane vil ha med seg.

– «Mopp og Mikko»-bøkene er veldig enkle, men eg har blitt imponert over alt ein kan dra fram frå dei. Eg kjente sjølv at eg blei inspirert av det, seier ho. Med bøkene har ein noko enkelt tilgjengeleg som ikkje krev så mykje planlegging.

No i vinter har dei byrja å jobba med Lars-bøkene til Svein Nyhus; «Lars er Lars» og «Lars er ikke».

– Då får me læra om kroppen, læra namnet på kroppsdelar og telja fingrar og tær, seier Jeanine som no har sydd ei Lars-dokke til avdelinga deira.

Trude Hoel ved Lesesenteret rosar måten barnehagen bruker bøker på. Han rådar andre barnehagar til å jobba systematisk med lesing og registrera leseaktivitetane.

Kor mange gongar tek barnet initiativ til å lesa sjølv? Kor lenge sit barnet med ei bok? Spør barnet ein vaksen om å lesa? Takkar barnet ja til eit tilbod om å lesa ei bok saman med vaksen? Vel barnet konsekvent bort leseaktivitetar?

Ho meiner dette kan gi større medvit om barnehagen sin eigen lesepraksis.

Sjå video frå barnehagen på Pirion.no

Da Mopp og Mikko flytta inn i Ølensjøen FUS barnehage

Oppdatert: måndag 19. november 2018 10.53

Lik Framtida.no på Facebook: