For veldig mange er ein tur i fjellet heilt nødvendig i påsken. Er du ikkje så erfaren, ta det med ro. Her får du alle tipsa du treng.

 

Det er ingen tvil om at påskefjellet står sentralt i den norske folkesjela i overgangen mellom mars og april.

Men er du ein av dei som ikkje er heilt røynd når det kjem til å pakka tursekken og komma seg av gårde? Då har me råda til deg.

LES OGSÅ: Fjellvettreglane – no på nynorsk!
Familieturen
Ein av ambassadørane for Friluftslivets år er Utetid-bloggar Ingebjørg Nondal, som også har verdas beste nynorske blogg.

Ho gir deg gode turtips, som kjem ekstra godt med om du har med ein familie med ungar på tur.

Kva er påske for deg?

– Påske for meg er både asfalt og snø. I Odda, her me bur, er det vanlegvis bart i påsken, så påsken er ei fin tid for dei første små sykkelturane på jakt etter vårteikn. Eit par ski- eller aketurar høyrer også med. Me har flotte skiløyper ein knapp halvtime heimafrå, og der er det alltid godt med snø om vinteren.

Kor går påsketuren i år?

– Me skal vere heime, men det blir truleg både skiturar på Seljestad og fotturar i nærmiljøet. Det er meldt ein del regn, så det blir nok eit par ruskevêrsturar. Me vaksne kvir oss gjerne litt til å gå ut i ruskevêr, men barn bryr seg ikkje om vêret så lenge dei er varme og tørre. Sølepyttsafari er eit godt tips.

Kva er ditt beste påsketurtips?

– Ta barna med på planlegginga, bli einige om kor turen skal gå og kva han skal innehalda, og gjennomfør planane.

Kva er den viktigaste ingrediensen i ein god påsketur?

– Tid. Ta dykk tid undervegs. Prøv å la turen gå på barna sine premiss. Det er lov med bestikkelsar (oppoverdrops er eit godt tips), men det blir fort dårleg stemning av masete foreldre. Hugs at laussnøkøyring eller leik i ei snøfonn utanfor skiløypa kan vere vel så verdifullt som ein langtur i løypene.

Kva kan øydeleggja ein god påsketur? Korleis unngå dette?

– Overivrige og utolmodige foreldre med lågt blodsukker. Senk lista, og hugs proviant til dei vaksne også.

LES OGSÅ: Han skal få fleire ut i naturen

Lik Framtida.no på Facebook: