Norske barnehagar har mange styrkar, men OECD meiner for få tilsette med relevant utdanning gjev borna eit for ujamt tilbod.

 

Det går fram av ein fersk rapport som Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) presenterte 18. juni. I rapporten er det ei rekkje tilrådingar for barnehagepolitikken i Noreg, og organisasjonen meiner mangelen på kompetente tilsette er den viktigaste utfordringa.

– OECD peikar på at me har lukkast med å få tilnærma full barnehagedekning, men at kvaliteten og innhaldet i barnehagane varierer for mykje. Spesielt er dei opptatt av at me treng fleire tilsette med pedagogisk kompetanse. Det er ei bekymring eg deler, og difor satsar vi stort på å gje fleire av dei som allereie jobbar i barnehagen høve til å verta barnehagelærarar eller å ta fagbrev, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Regjeringa brukar i år 275 millionar kroner på kvalitetstiltak i barnehagen. Det meste av pengane går til ulike satsingar som gjer at dei som allereie jobbar i barnehagen kan få auka barnefagleg kompetanse. 420 tilsette er i gang med ei utdanning som gjer at dei vert barnehagelærarar, frå hausten vert det oppretta ytterlegare 370 plassar.

Satsar på kvalitet og innhald

I rapporten analyserer OECD tilgjenget til barnehageplassar, tilsynsordninga, finansieringa av private barnehagar, forsking og kvalitet og innhald i norske barnehagar.

– Organisasjonen løftar blant anna fram at det både er behov for endringar av tilsynet i barnehagane og av finansieringa av private barnehagar. Det har vi allereie teke tak i. Vi har no forslag til nytt finansieringssystem ute på høyring, og vi vil foreslå at fylkesmannsembeta får ei rolle i tilsynet med barnehagane når vi legg fram endringane våre til barnehagelova, seier Røe Isaksen.

Kunnskapsministeren meiner analysen til OECD stadfestar at det viktigaste arbeidet med barnehagen framover vert å satsa på innhald og kvalitet.

– Det er nyttig for oss å få ein analyse av barnehagen sett utanfrå. OECD har mykje kunnskap og røynsle som vi kan nytta oss av. Vi tek med oss rapporten sine tilrådingar inn i arbeidet vi har starta med ei stortingmeldinga om barnehagen, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Lik Framtida.no på Facebook: