Fleire og fleire kommunar bruker Leseknappen for å motivera til meir lesing i skulen.

 

– Ein lærar i Masfjorden fortel om elevar som har gjort påviseleg framgang i lesinga, det vert lese i friminutt og på bussen, og leselysta er stor. Eit barn kom med heile fire lesekort då han kom for å hente knappen, fortel biblioteksjef i Masfjorden, Kjellaug Bolset Stand.

For kvart lesekort skal elevane lesa ti bøker.

– Utruleg stas

Leseknappen er utvikla ved biblioteket i Lenvik, men er no i bruk over heile landet.

Bergen off. bibliotek har fleire års erfaring, og har no lært opp mange andre bibliotek i Hordaland.

I Bergen  får 2.klassingane brev med heim om opplegget og så kjem dei til biblioteket saman med foreldra og låner bøker.

– Det er utruleg stas når dei kjem. Ei skikkeleg høgtid, seier Sigrid Furnes ved Hordaland fylkesbibliotek. Ho tykkjer Leseknappen er eit fint verkemiddel til å få opp lesegleda og –treninga.

Fleire bøker

Bøker tilpassa «nye lesarar» er kjøpte inn i hopetal, også med støtte frå Den kulturelle skulesekken.

Godt samarbeid mellom skulane og biblioteket i Masfjorden gjorde at dei blei samde om å laga bokkassar til klassane der elvane kunne velja seg bøker frå i samråd med lærar. Men også her fekk elevane med brev og lesepass heim. Nokre har kome på biblioteket med foreldre i tillegg.

Totalt er det 18 kommunar i Hordaland som no er med på Leseknappen. Ifølgje Sigrid Furnes er det enno tidleg å sjå om det påverkar utlånsstatistikken på biblioteka, men at det ser lovande ut.

Lik Framtida.no på Facebook: