Den eine bruker fakta, den andre fiksjon. Ved å gjere historiene nærare kan ein få born til å bry seg om klima, meiner barnebokforfattarane Erna Osland og Rolf Losnegård. 

– Eg håpar at lesarane sit att med kjensla at dei er små, men at dei likevel er viktige og ein del av det store systemet. Det er noko med det å vere liten, men samtidig stor. Når det kjem mykje av det som er lite, kan det verte stort og mektig. Det er enormt mange regndropar i ei regnbye, seier forfattar Erna Osland.

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly

Pedagogisk framstilling
Eigentleg ville ho skrive ei barnebok om vinden, men temaet vart utvida til meteorologi og vêr – eit felt som ikkje kan behandlast utan å koma inn på klimaendringane. 

Resultatet er fagboka «Når det regnar i Afrika», som kom ut på Samlaget i vår. Målgruppa er born i aldersgruppa 10-12 år, men stoffet er pedagogisk behandla slik at vaksne gjerne kan lese boka saman med mindre born.

Pedagog og forfattar Erna Osland er overtydd om at ein kan snakka med born om alt, berre ein legg til rette.

– Vêret er der alltid, og det er klart at det er morosamt for barn å vite noko om desse sterke kreftene. Når det gjeld klima, tenkjer eg at ein ikkje skal svartmale: Visst skjer det ting som ser farlege ut, men det må dei vaksne gjer noko med, barn kan ikkje det. Det er viktig for barn å vite at vaksne arbeider med å få meir kunnskap og at mange, mange vaksne vil gjere noko med at det skal bli godt å bu her på jorda for alle, seier Osland, som ikkje er i tvil om at svært unge born kan snappe opp at ikkje alt er som det skal i nyheitene.

Bilete av flaumar, stormar og andre katastrofar kan gjere kraftige inntrykk.

LES OGSÅ: Klimakamp på liv og død

Kunnskapsnøkkelen
Osland er overtydd om at kunnskap i tillegg til å vere morosamt er nøkkelen til å få born til å bry seg om verda dei lever i.

– Når du har lese om ein maur og lært kva det er vil du ikkje trakke på han. Eg trur at born vil ta vare på det dei veit noko om.  Då forpliktar dei seg til å verne om det – noko som vert kjekt, trur Osland, som tidlegare har gitt ut småkrypboka «Under ein stein».

I desse dagar er forfattaren i samarbeid med Vestnorsk teatersenter i gong med å utvikla eit deltakande formidlingsprosjekt om vêr, som dei håpar vert ein del av Den kulturelle skulesekken. Tanken er at borna skal få leike regndropar og vind saman med ein dansar og ein musikar. Slik skal dei svevande vêrfenomena verte enno meir konkrete for dei yngste.

LES OGSÅ: Nynorsk heider til Slapgard og Osland

Leiken Snutt
Forfattar og dramaturg Rolf Losnegård har valt ei enno meir leiken tilnærming til det alvorlege temaet i boka «Det forferdeleg geniale Frese-sky-flyet», som vert lansert på SKALD forlag i dag.

I boka, som er berekna på born i alderen 6-10 år, møter me den geniale oppfinnaren Snutt, og den vesle, vassredde isbjørnen Burrr. Ei av oppfinningane til Snutt gjer det altfor varmt på Nordpolen, slik at isflaka til den vesle isbjørnen smeltar. Då er gode råd dyre.

Denne historia trur Losnegård at kan verte ein slags spegel for oss, fordi me finner opp mykje som ikkje er bra for miljøet.

– Me er så flinke på å finne på og finne opp ting, men me må passe oss så ikkje det blir vår undergang. Oppfinnarevna er fantastisk, men kan vere eit alvorleg problem. Me må ikkje bli forelska i alle tinga og vår eiga oppfinnarevne, seier Losnegård, som ikkje vil vere overpedagogisk, sjølv om han vonar at lesarane sit att med litt lærdom. 

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

«Det forferdeleg geniale Frese-sky-flyet» vert lansert på SKALD forlag i dag, og er ei barnebok om oppfinningar og miljø.

Ut av vaksenromma
Barnebokforfattaren frå Hyllestad og Askvoll trur at om ein fortel historier der ungar kan identifisere seg med, ha omsorg for eller bry seg om hovudpersonane, er det ein fin måte å engasjere dei på.

– Eg trur dei er engasjerte, men mykje skjer i vaksne forsamlingar som dei ikkje forstår mykje av. Det kan difor verte litt fjernt. Med bilete av flate øyer som vert oversvømt, kjem det nærare både oss og ungane, trur Losnegård, som er overraska over at han ikkje har sett meir litteratur om klimaendringane for born.

Forfattaren meiner at problemet vert enklare å både leve og arbeide om ein har ei meir leiken tilnærming, framfor å grave seg ned i mørk problematisering.

– Å drukne seg i problemet, det er ingen god situasjon, slår forfattaren fast.

LES OGSÅ: Unge er klimaoptimistar

Lik Framtida.no på Facebook: