– Det handlar om at små ting som kan gi oss store leseopplevingar, seier Svein Slettan.
Slettan er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, og har skrive mykje om barnebøker. I boka Inn i barnelitteraturen har han skrive om Rune Belsvik, og i slutten på oktober var han på Nynorskkonferansen for å snakka om forfattarskapen hans og korleis ein kan kjenna igjen forteljingane som kan klassikarar.
Den første Dustefjerten-boka kom i 1991.
– Bøkene har levd lenger enn dei fleste andre i norsk litteraturhistorie. Viss det nokon gong blir laga ein kanon over norske barnelitteratur, så vil nok denne koma med, seier Svein Slettan (bildet).
Verdas mest forelska par kom i 2001, og i fjor kom den førebels tredje og siste boka i serien om det vesle samfunnet Bløygen og det forelska paret Bidger og Esmiluni.
Ikkje alltid fordel
Slettan understrekar at det ikkje alltid er ein fordel å bli stempla som ein klassikar. Det kan lett skapast ulike lesekulturar, og nokon kan få skrekken over at noko blir stempla som høgverdig litteratur.
– Det er ikkje så lett å seia kvifor ei bok er god, seier Slettan og understrekar at han er opptatt av barnet sine opplevingar.
Slettan meiner god barnelitteratur har element av både gjenkjenning og utfordringar i seg.
Utfordrar
Bøkene til Belsvik har eit landskap, aktivitetar og menneskelege typar og relasjonar som me kjenner igjen.
– Bøkene fører oss inn i ei leikeverd som me kjenner igjen, seier Slettan.
Men han understrekar at dei òg utfordrar med merkelege ting og mystiske figurar som Berghøna i Dustefjerten-bøkene. Grenseoppgangane mellom dyr og menneske og barn og vaksen kan òg vera med på å utfordra.
Komposisjonen er til å kjenna igjen i eventyrkomposisjonen, at ein må dra ut i verda for å løysa ei utfordring. Men i boka Dustefjerten og den store gullfiskjakta får historia ei heilt ny vending då Kavringreven etter resultatlaus leiting viser seg å ha gullfisken i sine eigne tårer.
– Ein annan sterk kvalitet med fleire av bøkene til Belsvik er bildespråket som fører saman meiningsområde, seier Slettan og tar fram dette dømet:
«Bekken var som eit langt kjølig sjal tvers over sommaren sin mage».
Dialog mellom barnet og den vaksne
Rune Belsvik var sjølv med på Nynorskkonferansen, der han blei intervjua av litteraturformidlar Janne Karin Støylen. Ho opna med å seia at Belsvik er den barneforfattaren ho set mest pris på sjølv, og spurte han om korleis han tenkjer at den gode barnelitteraturen kan vera.
– Det stemte ganske godt når eg først kunne kjenna meg igjen i figurane, fortel Belsvik. Til dømes kjenner han seg igjen i Dustefjerten som godt kunne tenkt seg at ting var som dei var.
– Det er jo slik at når ein først har fått taket på å leika i sandkassen, så er ein blitt for stor for det, kommenterer han.
Belsvik ser på bøkene som ein dialog mellom barnet og den vaksne.
– Den vesle Rune har ikkje heilt forlate meg.
Stordabuen, som no bur i Kristiansand, røper at han skriv på ei ny bok. Men kva tid boka kjem, vil han ikkje røpa. Han byrja på boka rundt juletider i fjor.
– Det er litt som ei avstandsforelsking. Ein går og tenkjer på historia. Men når pennen står ansikt til ansikt med papiret, så blir det litt annleis, sa Belsvik.