I haust lanserte Samlaget si første e-barnebok på nord-, sør- og lulesamisk. Redaktør Ragnfrid Trohaug oppmodar til dugnad for samiskspråklege born.

 

– Ein samiskspråkleg SVT-reporter sa til meg: «Førestill deg at du går tom for lesestoff på ditt eige språk». For meg hadde det vore heilt katastrofe, men dette er realiteten for samiske barn i dag, seier redaktør for prosjektet Ragnfrid Trohaug. 

«Joret ja Iiret»
Dei prisvinnande barnebokfigurane «Jakob og Neikob» har reist langt og vorte omsett til både engelsk, tysk, dansk, fransk og hindi. No er dei vorte tilgjengeleg på heile tre samiske språk.

Trohaug er ekstra nøgd med å ha fått omsetting på både sør- og lulesamisk, i tillegg til nordsamisk.

Dei fleirspråklege ungane kjenner godt karakterane til Kari Stai, men då på norsk.

– Eg har to bøker med «Jakob og Neikob», fortel Margrethe (5), medan Leonard (5) fortel at han har ein kamerat som heiter Jakob.

Førskuleborna får sjå og høyre den første samiske interaktive e-barneboka om «Joret ja Iiret» på prosjektor. Det er morosamt på samisk òg.

Urettferdig
Stortingspolitikar Anette Trettebergstuen (Ap) var med på lanseringa. Ho peikar på at gode lesaropplevingar er viktig for språkforståinga.

– Me tykkjer det er urettferdig at dei som har samisk som morsmål ikkje har like mange bøker å velje i. Det er viktig at alle born får lese morosame bøker som «Jakob og Neikob» på sitt eige språk. Difor tykkjer me det er fint at Samlaget har omsett boka og tykkjer at fleire må gjere det same, seier Trettebergstuen til barn og vaksne.

Ho peikar på at det er desse borna som skal bringa vidare det samiske språket og kulturen, og at dei då må få moglegheita til å møte det både munnleg og skriftleg gjennom litteraturen.

På spørsmål om kva rammevilkår politikarane kan bidra med er Trohaug klår. Det trengst insentiv for forlaga til å gje ut ting både på norsk og samisk.

– Eg tenkjer at dette må vere ein dugnad. Me har digitale verkty som kan nyttast, og det treng ikkje vere kostnadskrevjande utover omsetting og det å lese inn, seier Trohaug, som gjerne vil samarbeida med samiske og norske forlag.

Teksttunge bøker
Dei tilsette i barnehagen kan bekrefte at det er behov for fleire samiske barnebøker.

– Det er veldig lite for dei aller minste, dei fleste passar best for skuleborna. Det burde heilt klart vore fleire bøker å ta av for alle aldrar. Dei bøkene som er har ofte mykje tekst og keisame bilete, forklarar dagleg leiar Gerd Bostrøm.

Lik Framtida.no på Facebook: