Jostedal oppvekstsenter får merksemd for måten dei jobbar med nynorsk språkutvikling i barnehagen.

 

– Innlæringa av språk fører ungane med seg vidare, seier pedagogisk leiar Anne Kristin Haugen Halveg i Jostedal barnehage.

I barnehagen hennar er dei medvitne på å lesa nynorske bøker på nynorsk og bokmålsbøker på dialekt eller nynorsk.

– Det er viktig at heile personalet er medvitne på kor stort ansvar me har for nynorsken, understrekar Haugen Halveg.

I barnehagen bruker dei fokusord og dialogisk lesing for å få ungane til å reflektera over meininga i orda.

– Ei bok er ikkje berre ei bok. Ho har mykje kunnskap og omgrep som det går an å snakka om, påpeikar Anne Kristin Haugen Halveg.

I fjor jobba dei med Snøhumla Mille. No i år jobbar dei med Den lille larven Aldrimett. Sjølv om den siste boka er på bokmål, så les dei ho på nynorsk.

I boka går dei gjennom vekedagane, fargane og fasane i livet til larva.

– Me lagar dokketeater og sansebilde, fortel Anne Kristin. Dei jobbar kring to månader med bøkene,  men det hender dei les spontant også.

Involverer foreldra

Anne Kristin Haugen Halveg understrekar kor viktig det er å involvera foreldra.

Ein dag i veka har éin av ungane med seg ei bok som dei kjenner godt.

– Då fortel dei om boka til dei andre ungane. Då er det dei som er eksperten.

Barnehagen har fått seg eit minibibliotek der barn og foreldre kan låna med seg bøker heim. Bøkene skal bli oppdaterte. Dei byrjar å bli godt brukte, seier Anne Kristin Haugen Halveg.

Dei er òg så heldige at dei får besøk av 5. og 6.klasse éin gong i månaden for å lesa for ungane i små grupper.

Gode spørsmål

Arbeidet med lesinga har gjort at ungane oftare kjem til dei vaksne og spør om dei kan lesa for dei.

Lesinga har òg ført til at borna blir betre kjent med bokstavane, innhaldet og anna læring.

Når dei les Lille larven aldri mett, så snakkar dei til dømes om kva ein sommarfugl er.

– Me har jobba ein del med korleis me kan stilla gode spørsmål til ungane for å dei med i ein samtale om bøkene. Me stiller utforskande spørsmål som «kva tenkjer de om dette?».

Barnehagen knyter bøkene til rammeplanen. Til og med fysisk aktivitet blir knytt til bøkene. I vinter laga dei til dømes Den lille larven Aldrimett i snøballar ute.

Lik Framtida.no på Facebook: